Etter at dei første tala i kommunevalet i Volda har kome inn, tek ordførar Ragnhild Aarflot Kalland (Sp) situasjonen med ro.
- Dette er ikkje særleg overraskande. Senterpartiet i Volda plar ikkje ha så sterke tal på førehandsrøystingane, seier ho.
Arild Iversen (KrF) ser på si side ut til å gjere eit brakval i Volda, skal ein ta førehandsrøystene som ein indikator.
- Tala for KrF er i overkant gode. Men eg har is i magen, og er budd på at det kan verte annleis, seier Iversen.
Helge Hamre (V) er også letta over gode Venstretal, med 95 av dei 869 førehandsrøystene. Held trendenden seg oppe, håper Hamre partiet kan få inn fire mandat og såleis doble kommunestyregruppa.
- Vi kan samarbeide både mot venstre og mot høgre. I denne perioden har vi vore mest samde med SV og Frp, seier Hamre til morenytt.no.