Senioringeniør Ruth Myklebust i Statens vegvesen er ei av dei som har arbeidd tett opp mot det nye snittmålingssystemet i Eiksundtunnelen. Ho vedgår at reaksjonane ikkje har late vente på seg sidan kontrollverktyet vart sett opp førre fredag.

Mange er usikre på korleis målinga fungerer, og trass mange meldingar om saktegåande trafikantar som vil vere sikre på å ikkje få bot, fortel Myklebust at mange allereie har vorte tekne i kontrollen.Les saka: - Trege bilistar er eit dagleg problem

Les saka: - Ikkje køyr for sakte i tunnelen

– Har teke mange

– Det er fyrst og fremst politiet som avgjer om det vert straffesak eller ikkje, men vegvesenet har registrert fleire tilfelle av fartsbrot, ja. Det verkar som om enkelte gjev blaffen, seier ho.

– Kva med dei som køyrer for sakte?

– Dette er ei kjend problemstilling i samband desse streknings-ATK-ane, og vi er klar over at problemet kan verte forsterka i Eiksundtunnelen sidan det er bratte stigningar på begge sider og mykje tungtransport. Det er likevel viktig å understreke at det er større risiko  ikkje å ha denne kontrollen.

– Kva er eigentleg marginane for å verte teke i snittmålinga?

– Dei er nesten høgare no enn då vi berre hadde fotoboksar. Medan kven som helst kan verte knipsa i ein ukonsentrert augneblink, må ein no faktisk køyre for fort over tid. Dei reint tekniske margindetaljane har eg ikkje oversikt over.

Vil ha folkemøte

Myklebust stadfestar at dei har fått mange uromeldingar av bilistar som er usikre på kor fort dei eigentleg kan køyre – og nokon er meir informasjonshungrige enn andre.

– Nokon vil til og med at vegvesenet skal invitere Ørsta og Volda til folkemøte, for å informere om systemet. Eg trudde no verkeleg vi hadde gjort betre greie for tilstandane enn som så.

Senioringeniør Ruth Myklebust i Statens vegvesen er overraska over at enkelte ønskjer folkemøte, der ein informerer om snittmålingssystemet.