– Fjordkryssinga vil gi betre tilgjenge til Ørsta-Volda Lufthamn frå nord. Det må forventast at ei framtidig fjordkryssing vil kunne redusere belastninga på flyplasskrysset i Hovdebygda då gjennomgangstrafikken vil gå via rundkøyringa i Furene, seier lufthamnsjef Sverre Bae i ein uttale frå Avinor.

Ingen av dei aktuelle alternativa for kryssinga av Ørstafjorden vil røre ved høgderestriksjonsflatene for flyplassen i Hovdebygda.

– Ingen av alternativa vil heller røre ved byggrestriksjonar for flynavigasjonsanlegga ved flyplassen, seier Bae.