Eiksundtunnelen vart stengd tysdag morgon etter ei trafikkulykke. Politiet opplyser at to bilar var involvert i ulykka og at det var påkøyring bakfrå.
Ein person vart lettare skadd og køyrt til sjukehus. Tunnelen vert opna straks bilane er fjerna frå ulykkesstaden.
Oppdatering: 09.05 melde politiet at tunnelen er opna att.