Professor Peder Haug var nådelaus overfor norske politikarar i eit foredrag i Ivar Aasen-tunet tysdag. Han tok føre seg seksårsreforma og tiårig skule, som kom i 1997, og som han meiner ikkje har gjeve synlege positive resultat.

Det var Ørsta og Volda SV som inviterte til ein temakveld om kva som er ein god barndom. Det var professor Peder Haug og fyrsteamanuensis Bente Hasle som med kvar sine ståstader kom med synspunkt på korleis ein skal få ein god barndom.

Peder Haug er ein av landets fremste innan pedagogikk, og har evaluert L97-reforma, altså reforma som gav Noreg skulestart for seksåringar og tiårig skule. Då denne endringa kom i 1997, var det fyrste gong sidan 1739 det var gjort noko med skulestarten for born i Noreg.

– I 1739, då Noreg var under Danmark, vart det innført skulestart for seksåringar i Danmark og sjuåringar i Noreg. Grunngjevinga var at skulevegen var for lang for borna i Noreg for seksåringar, sa Haug.

Han poengterte at historisk sett viser dette at alder for skulestart ikkje har vore ei stor historisk sak i Noreg. Men i 1970-åra skjedde det noko.

– Arbeidet med å endre skulestarten frå sju år til seks år starta i 1979. Det tok 18 år og åtte regjeringar å få reforma gjennomført, fortalde Haug.

Barnehagane kom

Motiva var fleire. Noreg var i ei brytningstid. Det kom eiga lov om barnehagar, der motivet mellom anna var å skaffe landet arbeidskraft. Strategane såg føre seg ei rivande økonomisk utvikling. Det vart behov for arbeidskraft i petroleumsnæringa, og kvinner måtte ut frå heimen og inn i arbeid. Då var barnehagane løysinga.

Då skulestarten for seksåringane vart vedteken, var det fleire typar argument. Det var dei økonomiske, med å skulle halde oppe velferd og levekår med å få auka kunnskap, det var det Haug karakteriserer som misunningsargumentet fordi andre OECD-land hadde fleire timar samla for borna i skulen enn Noreg, og det var utjamningsargumentet, at ein tidlegare skulestart ville jamne ut sosiale skilnader.

Men det var også motstand. Mange etterlyste forsking på om tidlegare skulestart ville verte betre for borna, mellom anna tydde internasjonal forsking på at tidlegare skulestart var til skade for born. Og mange hevda barnehagen var ein betre stad å vere for seksåringane.

– Og då vart eit av dei beste retoriske grepa i norsk politisk historie gjort. Fleirtalet med Ap, SV, KRF og Sp sa at ein skulle ta med seg det beste frå skulen og barnehagen inn i reforma. Og førskulelærar vart kvalifiserte til å undervise på klassestega ein til fire, fortalde Haug.

PISA-sjokket

Reforma vart innført, og med ein plan om at borna det fyrste skuleåret ikkje skulle ha leseopplæring, men at det skulle vere eit meir leikbasert opplegg.

– Og så kom PISA-sjokket. For norske politikarar vart det ein katastrofe at resultata frå matematikk og naturfag blant fjorten og femtenåringar viste seg å vere på gjennomsnittet, og at Finland var betre enn oss. Dette gav ein kraftig politisk reaksjon. Ideen om det beste frå skule og barnehage vart forkasta, og det kom ein meir «skulsk» skule der det vart leseopplæring frå 1. klasse, forklarte Haug.

Men, som Haug påpeikte, PISA-resultata var for 14-og 15-åringar som byrja på skulen før seksårsreforma vart innført.

– Dette var eit resultat av at styresmaktene hadde vorte mindre opptekne av læring. Det var ansvar for eiga læring som galdt. Dette viser klart at skal ein få til ting i skulen, handlar det ikkje om reformer, men innhaldet i undervisninga og trykket på læring, insisterte Haug.

Han meiner det er uråd å svare på kva som vart effekten av seksårsreforma.

– Fordi reforma ikkje vart fullført, og innhaldet i reforma vart endra undervegs, seier Haug.

Han meiner det uansett vil vere eit feil steg berre å oppheve reforma, og gå tilbake til skulestart for sjuåringar.

– Det vil verte for dyrt. Då må skular byggjast om, og det må byggjast barnehagar.

– I staden må vi diskuterte kva fyrste til fjerde klasse skal vere, og vere medvitne på at skulen skal vere der for alle elevar, sa Haug.

Foreldrekraft

Fyrsteamanuensis Bente Hasle har forska på korleis foreldre kan medverke og vere til hjelp når barnet deira vert råka av psykisk sjukdom. Ho er oppteken av det ho kallar foreldrekraft.

– Foreldre som vert inkludert i prosessen med å søkje hjelp og behandling for borna deira har det enklare med å få tilbake foreldreverdigheit, og medverke til at barnet vert friskt. For friske vert dei fleste borna, sa Hasle.

Ho peika på at mange foreldre kunne kjenne skuldkjensle når barnet deira vert råka av ein psykisk sjukdom.

– Då handlar det om å skape foreldrekraft. Denne byggjer på kjærleik og verdigheit. Verdigheit handlar om å kjenne seg til nytte, og at ein er deltakande. Eg trudde fyrst at kjærleik og verdigheit var like viktig. I samtalar med foreldre, understrekar dei at kjærleiken er viktigast. Det høyrest kanskje ut som ein klisje, men størst av alt er kjærleiken, sa Hasle.

Foreldrekraft: – Foreldre må verte involverte, seier fyrsteamanuensis Bente Hasle. Foto: Rune Sæbønes