– Uavhengig av utgreiingane som vert lagt fram, vil vi vurdere å fremje motsegn når planframlegget kjem på offentleg ettersyn.

Det skriv fagsjef Jon Ivar Eikeland i eit brev til AG Plan og Arkitektur som skal utarbeide den nye reguleringsplanen til K.A Aurstad for Klubben II, ei vidareføring av dagens massedrift på Klubben.

Fylkesmannen registrerer at den nye planen inneber at ein skal ta ut meir masse på Klubben ved å seinke terrenget mellom fylkesvegen og sjøen, og at masse er tenkt teken ut til ca. kote tre.

– Klubben er eit tydeleg nes og landskapselement i Ørstafjorden, og er godt synleg frå det meste av fjorden og landområda rundt. Planframlegget vil føre til at mykje av neset vert vesentleg seinka. Dette vil vere ei stor landskapsmessig endring, i tillegg til at det kanskje vil kunne ha lokalklimatisk effekt. Vi er skeptiske til om så dramatiske landskapsmessige endringar som planframlegget legg opp til kan forsvarast ut frå føremålet, og vi vil allereie no varsle av fylkesmannen vil kunne fremje motsegn ut frå landskapsmessige omsyn.

Det skriv fagsjef Jon Ivar Eikeland.

Han rår til at ein ikkje fjernar masse frå arealet utanfor gjeldande fylkesveg, men at dette arealet vert bevart som det er frå naturen si side.

– Dersom kommunen ønskjer at ein skal gå vidare med planarbeidet, må dei landskapsmessige endringane illustrerast gjennom visualiseringar både frå nærområdet, frå fjorden og frå andre sida av fjorden. Ein må også gjere ei vurdering av kva endringane vil kunne bety for lokalklimaet, skriv Eikeland.

Oter

Det er registrert oter i planområdet. Dette er også noko som må utgreiast, meiner fylkesmannen. Det må også gjerast greie for verknader av tiltaket med omsyn til friluftsliv.

– Ein må også gjennom ei støyfagleg utgreiing vurdere kva tiltaket vil bety for støy- og støvsituasjonen i området, og setje klare krav i reguleringsplanen sine føresegner med omsyn til dette, skriv Eikeland.

Deler av planområdet utgjer ei gammal avfallsfylling, og det er uklart kva som ligg der. Forureiningssituasjonen i grunnen må difor utgreiast og inngrepet må planleggast slik at ein har kontroll over ureininga, meiner Jon Ivar Eikeland hos fylkesmannen.