Lensmannen var sjølv på veg til eit møte i Ålesund onsdag morgon då ferjelemmen på Festøya kollapsa og stengde ferjesambandet til Solavågen. Ikkje lenge etter vart det sett opp nokre mellombelse informasjonsskilt i Furene og ved Morkabrua. Skilta var laga av gaffatape og sprittusj, og var ikkje lett å lese for forbipasserande bilførarar å utan å slakke av på farta.
Mange fekk omveg
Hagen reagerer på at informasjonsformidlinga i tida etter stenginga av sambandet var nokså mangelfull.
– Det burde vore elektroniske informasjonstavler i Eidsvik, i Furene og ved Vinjevoll. Onsdag var det mange som fekk seg ein brysom omveg ved å køyre til Festøya for så å måtte snu. På veg innover mot Ørsta, møtte eg bilar på veg utover. Fleire av dei såg eg att på ferjekaia på Hareid seinare, seier Hagen.
Han registrerte heller ikkje RDS-meldingar (viktige trafikkmeldingar som bryt inn sjølv om ein høyrer på CD-plater) på radioen sin.
– Det kom meldingar på lokalradioen, men det er ikkje alle som høyrer på NRK Møre og Romsdal, seier Hagen, som altså etterlyser elektroniske informasjonstavler.
– På ein slik viktig vegakse burde det vore elektroniske tavler. Det kan vere nyttig også ved skred og trafikkulykker, seier han.
Mange vil ha
Seksjonsleiar Ivar Hol i Statens Vegvesen trur på si side ein ikkje kan vente seg informasjonstavler lokalt med det første.
– Desse tavlene er relativt dyre, og det er mange som ha slike. Vi vil ikkje sette dei opp etter ad hoc-metoden. Vi vil sjå på det totale vegnettet og stengingane i fylket, og setje dei inn der behovet er størst først, seier Hol.
– Skiltinga i Furene og ved Morkabrua var kanskje litt for mellombels?
– Dette vart noko som vart sett i verk i hurten og sturten i dag tidleg. Det kunne heilt sikkert vore gjort betre, men det var dette vi fekk til utan å vere budd på det som skjedde og utan å vite kor lang tid det ville ta å ordne.