– Det er sjølvsagt kjekt for oss at vi her i bygda får lov til å produsere heile Noreg sin julebrunost, seier meierisjef Bente Reklev.

I fjor vart rett nok sjølve ystinga utført her i heimlandet, men foredlinga og pakkinga vart gjort i England.

40.000 pakkar

– Kvifor tek de no osten heim til Noreg?

– Jau, då vi fekk tilbake osten frå utlandet så smakte vi på den og tenkte; kva i alle dagar? Det er jo den same osten som vi lagar her i dag!

Dermed la det lokale meieriet inn førespurnad om å få det heile og fulle ansvaret for dei 40.000 pakkane med julebrunost, og det fekk dei.

– Smakar osten betre når den er heimelaga då?

– Ja, sjølvsagt gjer den det! seier Reklev med eit smil.

Krydderost

På spørsmål om kva som er spesielt med brunosten, utover den raude juleinnpakninga, svarar avdelingsleiar Elias Brekke at dei nyttar eit krydder som gjev ein ostetype som folk flest kanskje ikkje har fått auga opp for enno.

– Vi har hatt den ei stund, men aldri produsert særleg mykje av den. Kanskje den vert meir populær no når fleire får smake den, seier han.

Avdelingsleiar Elias Brekke og meierisjef Bente Reklev viser fram julebrunosten. Foto: Ivar Lid Riise