Med fine koppar i gamal stil, nysmurde smørbrødkjeks med brunost, kaffi, og bord med gjenstandar frå ei svunnen tid, kunne dei på Hjørundfjordheimen torsdag invitere til kaffiselskap. Gjestene var elleve bebuarar og tilsette frå Barstadtun ved Volda Omsorgssenter.
– Vi var ein gjeng som gjekk saman på studiet «Miljøterapi i demensomsorga» ved Høgskulen i Volda for nokre år sidan. Medan vi gjekk der tok vi til å tenkje på at det hadde vore kjekt at vi på Sæbø og i Volda besøkte kvarandre, fortel Ann-Helen Urkegjerde som arbeider ved Hjørundfjordheimen.
Alt er mogleg
Voldingane var glade for invitasjonen.
– Det var mange som melde si interesse, fortel pleiar Merete Vartdal Øye ved Barstadtun. I det siste har dei frå Volda gjort mykje kjekt. Mellom anna vore på besøk i varmestova på Reset.
– Nokre pårørande inviterte oss dit. Der fekk vi sveler og kaffi. Også dette var populært. Og sjølv om fem personar sat i rullestol gjekk det heilt fint.
Dei har også nokre spennande planar på gang. For første gong skal dei på hotellovernatting på Nordfjordeid.
– Dette var ein ide frå brukarane sjølve. Dersom nokre frå Hjørundfjordheimen vil vere med, er dei velkomne til det, seier Øye.
Balkongliv og kaffi
Det første nokre av dei besøkande gjorde då dei kom til Sæbø var å prøve den flotte balkongen på Hjørundfjordheimen.
– Ein slik skulle vi hatt i Volda også, seier Jenny Lundberg og Ove Langlo og nyt utsikta inn over Bondalen. Etter kvart fekk dei selskap av Karsten Leite. Då denne gjengen hadde røyka frå seg, var det tid for å starte kaffikalaset for alvor.
Ann-Helen hadde teke på seg jobben med å ynskje velkommen. Og etter at bordverset «Gud signe maten» var avsunge, kom det kaffi i koppane og kjeks på fata.
Gamle ting
Pleiarane freista å få i gang praten ved hjelp av gamle kjøkkenreiskapar, snikkarutstyr, og heklakragar som dei hadde plassert rundt om kring. På eit av borda låg det også ei gamal lesebok, som fleire hugsa frå si skuletid. Ein godt brukt høvel kjente Margot Egset att.
– Ein slik hadde far min, fortalde ho.
– Korleis har de skaffa desse tinga, Haldis?
– Nokre av dei har vi handla på bruktbutikken på Bjørke. Vi fekk nokre midlar frå Nasjonalforeningen for Folkehelse som vi brukte til dette, fortel Haldis Fiskå Mo.
Samuelsen og Ibsen
Når ein inviterer til gjestebod over kommunegrensa er det på sin plass med litt underhaldning. Denne gongen hadde dei ikkje invitert nokon profesjonelle til å stå for dette. Det var ikkje nødvendig heller. For både mellom voldingane og Sæbø-folket var det ressursar. Karsten Leite var først ut med ein song av Åge Samuelsen. Til den religiøse låten spelte han sjølv på gitar.
To av dei tilsette ved dei to institusjonane las dikt og forteljingar. Eit av dikta som vart proklamert var «Terje Vigen» av Hendrik Ibsen. Dei som ville kunne hjelpe til med å hugse kva nesten setning i diktet var. Og det var mange som greidde å hente fram denne barnelærdomen.
Felles slekt
Etter ein god time med sosialt samvær, var det tid for å vende nasa heimover til Volda. Det var Stein Osvoll som var sjåfør og bussen var frå Sparebank1.
– Stein skaffar buss og køyrer oss dit vi vil på fritid si heilt gratis. Han er ein supersjåfør, seier Øye.
– Korleis synes du denne kaffistunda fauk av seg, Ann-Helen?
– Eg synes det var veldig vellukka. Folk har hatt det kjekt og sosialt. I tilegg til å snakke om dei gamle tinga som låg på borda, har nokre funne ut at dei til dømes har felles kjenningar og slekt, fortel ho, og legg til at dei no har invitert seg tilbake til Barstadtun ved Volda Omsorgssenter.
– Vi slengjer oss også kanskje med på hotellturen til Nordfjordeid, avsluttar ho.