Transportkonsernet, med hovudsete på Nordvestlandet, hadde samla driftsinntekter på 2,980 milliardar kroner i 2011 mot 3,023 milliardar i 2010.
Forteneste før renter, skatt, avskrivingar og amortisering vart på 485 millionar kroner.
Ikkje nøgd
Konsernsjef Leif Øverland er ikkje heilt nøgd med resultatet, men ser langsiktig lønsemd i miljøvennlege transportløysingar.
– Å bygge ein verdsleiande posisjon på bruk av miljøvenlege gassferjer kostar, både på investeringssida og den kortsiktige lønnsemda. Det såg vi i 2011, og det vil vi sjå dei neste to åra. Men det er denne posisjonen, og den fokuseringa vi no har gjort, vår langsiktige lønsemd vil bygge på, kommenterer Øverland.
Spissa fokus
Selskapet har på to år gått frå å vere eit transportkonsern med aktivitetar innan gods-, buss- og sjøtrafikk til å spisse fokuset på sjøaktiviteten. Fjord1 Transport vart selt i 2010 og 51 prosent av Fjord1 Buss vart selt til Nettbuss AS i januar 2012. Salet bidreg til å betre likviditeten og soliditeten i selskapet.
Omstillinga av verksemda i rute
Konsernet, som har vore gjennom omfattande endringsprosessar dei siste åra, skal no reindyrke kjerneaktiviteten på sjøsida og foreslår ovanfor generalforsamlinga å samle selskapa Fjord1 MRF, Fjord1 Fylkesbaatane og Fjord1 NVL (morselskapet) til eitt nytt selskap – Fjord1 AS – frå 23. april i år.
Leif Øverland er godt nøgd med planlegginga av fusjonen.
– Fjord1 blir med dette det største ferjeselskapet i Noreg, og det er ingen tvil om at vi etter fusjonen er eit sterkare og meir konkurransedyktig selskap, seier Øverland.
Når toppsjefen skal trekkje fram viktige hendingar i fjor, nemner han avtalen om sal av 51 prosent av bussverksemda til Nettbuss. I tillegg var det eit viktig grep fusjonen, der selskapa Fjord1 MRF, Fjord1 Fylkesbaatane og Fjord1 Nordvestlandske (morselskapet) fusjonerer og vert Fjord1 AS frå april i år.
Nye miljøvenlege ferjedrift løysingar:
Fjord1 er i dag verdsleiande på bruk av naturgass som ferjedrivstoff, og har fokus på utvikling og bruk av miljøvenleg teknologi. I 2011 fekk selskapet på plass følgjande miljøvenlege løysingar:
• Dei fekk levert verdas største gassferje – MF Boknafjord – og har med dette 12 naturgassferjer i drift.• Dei gjennomførte verdas første ombygging av farty frå dieselelektrisk til gasselektrisk drift med ferja Tresfjord, som no er sett i drift på Flakk-Rørvik-sambandet. • Dei utvikla også nytt miljøvenleg framdriftssystem på MF Eiksund – eit pionerprosjekt med lokalutvikla teknologi.
Fleire reisande
Auka ruteproduksjon og underliggjande trafikkvekst viste samla sett ein auke i tal personbileiningar (PBE) på 15 prosent mot same periode i 2010. Fjord1-fartøya hadde ein regularitet på 99,41 prosent i 2011, og talet på attståande bilar vart redusert med 17,6 prosent samanlikna med året før.
Sambanda Flakk – Rørvik i Sør Trøndelag og Bruravik–Brimnes i Hordaland kom inn som nye samband for Fjord1 frå 1. januar 2011.
Om Fjord1
Fjord1 er i dag størst på ferjedrift i Norge, med drift av 43 ferjesamband–frå Finnmark i nord til Rogaland i sør. Selskapet har vel 2.100 tilsette.