På bakgrunn av innspela er plangrensa for kommunedelplanen justert og felles planprogram er revidert.

Planprogram

35 av merknadene tek føre seg i hovudsak planprogrammet og samfunnsdelen. Andre innspel, 23 i alt, gjeld konkret arealbruk innanfor kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda, eller arealdelen.

– Det er ikkje teke stilling til desse innspela i denne omgang. Dei vert å hente fram att ved utforming av dei respektive planane, kommenterer rådmann Wenche Solheim.

Planprogrammet er revidert med bakgrunn i dei innkomne merknadene.

– Ved revideringa har ein har valt å halde fast på disposisjonen, men samanhengen og ulikskapen mellom dei ulike plantypane er forsøkt styrkte og tydeleggjort slik det er gjort framlegg om gjennom merknader frå fylkesmannen og Møre og Romsdal fylke, seier rådmannen.

Solheim gjer det klart at utgreiingsbehovet i samband med konsekvensutgreiing er konkretisert i planarbeidet.

Justert

– Ut over dette er planprogrammet justert og supplert. Og planområdet for planen for Ørsta sentrum og Hovdebygda er noko justert i det nordlege området, for å femne om naudsynt areal for tunnelpåhogg og kryssløysing, fortel rådmann Solheim.

Ho rår Ørsta formannskap som planutval om å vedta det reviderte planprogrammet. Formannskapet skal ha møte denne veka.

Wenche Solheim. Foto: Roy-Arne Folkestad