– Vi har vore i kontakt med to tidlegare sorenskrivarar i ressursgruppa vår, og begge har sagt ja til å ta eit tak i Volda frå og med nyttår, seier pressetalsmann i Domstoladministrasjonen i Trondheim, Erling Moe.
Reserveløysing
Dei to dommarane kjem ikkje til å arbeide samstundes, men heller avløyse kvarandre.
Ingen av dei er frå Sunnmøre, men har lang erfaring i embetet, og kan gå rett inn i jobben.
– Måtte gå ny runde
Moe seier Domstoladministrasjonen si tilråding var augeblikkeleg å utnemne ein ny sorenskrivar i Søre Sunnmøre tingrett, men at Justisdepartementet ynskte å gå ei ny tilsetjingsrunde.
– Det forseinka prosessen langt meir enn vi håpte på, seier Moe.
Han meiner det er umuleg å spekulere i når ein ny sorenskrivar kan vere på plass i full stilling, men at dei håper det kjem i orden så fort som muleg.
Hopar seg opp
Underbemanning og opphoping av saker er no kvardagen til den konstituerte sorenskrivaren Kirsti Hammerø ved Søre Sunnmøre tingrett i Volda. No håper ho Domstoladministrasjonen tek grep.
I juli og august har det ikkje vore ferie for konstituert sorenskrivar Kirsti Hammerø i Volda.
Ho måtte trå til på kort varsel då Egil Arne Standal, som vart tilsett i stillinga etter Ingolv Joa, snudde om og takka nei til sorenskrivarembetet berre ei og ei halv veke før sin fyrste arbeidsdag.
Held ikkje fristen
Etter ei tid som einaste dommar i Søre Sunnmøre tingrett, har ein ikkje hatt kapasitet til å prioritere dei sivile sakene med mellom anna tvistar, pengekrav og mangelkrav.
Det har gjort at arbeidet har hopa seg opp, og at handsamingsfristen på seks månader har vorte overskride i fleire tilfelle.
– Den eldste saka vi har er eitt år gamal, og den nest eldste er 10 månader, seier Hammerø.
– Har oversikt
Den konstituerte sorenskrivaren er likevel klar på at alle straffesakene vert prioritert og handsama i tide.
– Eg vil ikkje seie det er heilt kaos her, for vi har oversikt over sakene våre. Vi greier berre ikkje å kome i mål med alle dei sivile sakene før fristen går ut, seier Hammerø.