På bokhandelen Norli på Amfi fortel butikksjef Gerd Ertesvåg at salet før jul har vore veldig bra. Vesle julaftan var det duka for ein av årets travlaste handledagar, med lange køar av folk som ville få i boks den siste bokgåva.

På bestseljartoppen til far ligg i år Jon Michelet si bok “Skytteren”, medan mor kan vente seg å få Cecilie Enger si “Mors gaver”.

– “Mors gaver” trur eg vil ligge under mange juletre. Boka har vunne bokhandlarprisen for beste bok, seier Ertesvåg.

I fjor vart det gitt ut rekordmange lokale bøker før jul i Ørsta og Volda. I år er utvalet langt tynnare, men dei som har kome ut sel godt.

– I Ørsta har “Får eg lov?” av Ragnhild Tunheim Huse merka seg ut. Og Ørsta-album, som er den desiderte bestseljaren. Det brukar ho å vere, så det var inga overrasking, seier Ertesvåg.