Den påtroppande regjeringa Solberg skal bruke den neste månaden på å vurdere budsjettet, og fleire av postane kan verte endra før det endelege budsjettet vert vedteke i november.

Høgskulen i Volda

I forslaget til statsbudsjett for 2014 ligg det inne pengar til 15 nye studieplassar i Volda.

Regjeringa foreslår å gi 1,1 millionar kroner for vidare opptak med nye kull til dei studieplassane som vart tildelt Høgskulen i Volda i 2011. Dette gir ein auke på 15 studieplassar frå 2013 til 2014.

Regjeringa foreslår vidare ein auke på 807.000 kroner for å vidareføre satsinga på dei nye grunnskulelærarutdanningane.

Dei vil også gi ein auke på 500.000 kroner for å styrke Seanse (arena for kompetanse og utvikling av samarbeid mellom barnehage, skule og kulturfeltet).

Totalt er det foreslått ei løyving på 299,5 millionar til Høgskulen i Volda.

Kvivsvegen og Hjartåberget

Til E39 Kvivsvegen er det foreslått ei statleg løyving på 18,9 millionar kroner. Prosjektet vart opna for trafikk i september 2012. Midlane i 2014 vil gå til restarbeid og sluttoppgjer. Prosjektet omfattar omlegging av E39 i ny trasé gjennom Kviven, med vel 17 kilometer ny veg frå Grodås i Hornindal til Geitvika i Volda, og om lag tre kilometer sidevegar og 1,5 kilometer gang- og sykkelvegar. Ein om lag 6,5 kilometer lang tunnel, tre korte tunnelar og to bruer inngår også i prosjektet.

66 millionar kroner er foreslått som statleg løyve til skredsikringsprosjektet E39 Hjartåberget. Prosjektet vert opna for trafikk 20. desember i år. Midlane skal gå til restarbeid og sluttoppgjer.

For 2014 er det elles prioritert midlar til å fullføre utbetringa av E39 på strekninga Geitvika – Årset. Dermed vil det verte 36 kilometer med stamvegstandard på vegen mellom Volda og Grodås.

Aasen-tunet

Nynorsk kultursentrum får 17,4 millionar i driftsmidlar i framlegget til statsbudsjett. Løyvinga i statsbudsjettet gir høve til trygg drift vidare, men direktør Ottar Grepstad trur rammevilkåra kan bli noko stramare i 2014 enn i år for både Aasen-tunet og Hauge-senteret i Ulvik.

- Frå 2014 har Nynorsk kultursentrum også ansvaret for Ulvik poesifestival. Ulvik herad og vi har dei same høge ambisjonane for denne festivalen, og vi gjer no det vi kan for å følgje opp den avtalen vi har gjort med Ulvik herad, seier Ottar Grepstad, i ei pressemelding.