– Han sakna nok den skoen då han tok seg ned frå fjellet den natta, seier Sverre Hjelmeland og Terje Stokke.

Dei var på tur i Koppedalen førre veke saman med fotograf Hans Kristian Krogh-Hanssen då dei gjorde det sensasjonelle funnet.

Alternativ rute

Terje Stokke gjekk rett på skoen.

– Eg skimta noko svart under nokre steinar. Det første eg tenkte var:kven legg frå seg ein sko på 1.100 meters høgde?

Turen starta ved Holen i Bondalen og gjekk til Grøtdalen. Der ligg vraket av eit tysk fly som vart skote ned under krigen av engelske jagarfly. Etter å ha studert vraket litt fann dei ut at dei skulle gå ei litt alternativ rute ned att. Dei ville gå Koppedalen ned mot Standaleidet. Ei rute få har gått før dei, ned ei glatt steinur.

– Eg jobbar som fjellførar og ville sondere litt terrenget, seier Sverre Hjelmeland.

Sensasjonelt

Soldaten som miste flyet sitt i Grøtdalen skaut seg ut i fallskjerm og kom levande frå hendinga, men historia seier at då han kom seg ned til folk i Follestaddalen, hadde han berre ein sko.

– Funnet er sensasjonelt. Det stadfestar så til dei grader historia om denne soldaten, og så er det også sensasjonelt at dei klarer å finne denne skoen i fjellheimen etter over 68 år, seier Arnold Hustad. Han er levande interessert i historiene til soldatane som var med i eit av dei største flyslaga i Noreg ein februardag i 1945. Slaget gjekk føre seg i Hjørundfjorden, og totalt vart fem fly nedskotne.

Sverre Hjelmeland og Terje Stokke fortel at dei først ikkje kopla funnet av skoen til flyvraket.

– Stadene ligg berre ein kilometer frå kvarandre, men på kvar si side av fjellet, fortel dei.

– Heilt vilt

Skoen er garantert tysk. Merket peikar tilbake på det tyske luftforsvaret. Dei var dei einaste som brukte denne typen sko.

– At soldaten har teke seg ned Koppedalen til Follestaddalen er heilt vilt. Det er eit under at han kom frå det i live. Det er utfordrande nok å gå der når du er vaken og har overskot, men om vinteren, rett etter at du har overlevd ein flystyrt, så må det vere heilt ubeskriveleg vanskeleg, seier Hjelmeland.

Ukjent soldat

Soldaten fekk varme kle hos John Aarsæther i Follestaddalen, og tok seg så vidare til flybasen Gossen i Aukra. Kleda sende han i retur saman med ei sjokoladeplate som takk for lånet, men namnet hans er det ingen som veit. Det er ei uløyst gåte.

Stokke og Hjelmeland er usikre på kva dei skal gjere med skoen, men vil ta kontakt med sogelaget i Hjørundfjorden for å få råd.

Arnold Hustad har frå før eit kart, eit belte frå fallskjermen og ei kolsyreflaske som har tilhøyrt den tyske soldaten. Han tek vare på tinga for sogelaget.

– Vi veit at mange har utstyr og delar frå dei mange flya som gjekk ned, og vi er svært interessert i opplysningar, seier han, og oppmodar folk om å ta kontakt om dei veit noko. Han har eit ønske og mål om å få samla mest muleg for å kunne få stilt det ut på ein eigna stad.

Ein sårt sakna sko. 68 år etter flystyrten i Grøtdalen vart skoen til den tyske soldaten funnen. Foto: Janne-Marit M. Falch
Arnold Hustad er levande interessert i historiene til soldatane som var med på det store flyslaget over Hjørundfjorden i februar 1945. Han tek vare på fleire av eigedelane til dei som var i flyet. Han kallar funnet av soldatskoen for ein sensasjon. Foto: Janne-Marit M. Falch