No har 40-åringen og ektefellen kjøpt tomta og lagt store planar.

Varmare

Det er vår på Bjørke. Etter mange og lange, regnvåte, kjølige dagar, er det varmare i lufta, kvite blomstrar står tett oppetter markane, og frå trammen på Åkre, i bygda sitt einaste funkishus, har Ingvild Steinvik Mork panoramautsikt mot den mektige Tyssefossen, der stritt og iskaldt vatn er som kunstverk der det kastar seg med spenst nedetter den bratte fjellsida.

Erkegarden

Ingvild vaks opp på Erkegarden som var geitegard og som ligg høgt og har meir sol enn dei lenger ned mot fjorden. Då Ingvild var 12 år, flytte familien til Haddal i samband med at faren Ivar gifta seg opp att. Siste femten åra har Ålesund vore base for dama som er gift med Eirik Nilssen (32). Ho har tenåringsjentene Olea (13) og Mina (16) frå eit tidlegare ekteskap. No er den utflytte hjørundfjordingen klar for innflytt – og ho er i rydde- og flyttemodus og driv på både inne og ute medan to kattar og ein like snill bullterrier meir eller mindre er rundt føtene hennar. 40-åringen har også teke med dyra frå ”bya”, til liks med pikk pakk og alt slag. Og bykattane har vorte lokalkjende på rekordtid, for allereie no kjem dei trippande stolte med daude mus i kjeften. Altså: Bjørke kan no skrive inn ein ny innbyggjar i kyrkjebøkene, dersom det er skikken. For Ingvild Steinsvik Mork har bestemt seg for å slå rot i bygda ho vaks opp i.

Designstudio

Og ho har ikkje berre tenkt å bu der og halde fram som grafisk designar i enkeltmannsføretaket sitt. Langt ifrå. Ingvild vil ta opp att ein livleg og kreativ tradisjon, og har ein ide om å gjere den gamle verkstaden til bestefaren John Mork om til kombinert bustad og designstudio og kontorplassar for henne og ektefellen som er dataingeniør. I den romslege, raude steinbygningen leikar Ingvild seg også med ideen om å etablere noko som kan passe turistnæringa i bygda ved enden av Hjørundfjorden. Eller noko for bygdefolk. Mulegheitene er mange.

– Er her ikkje flott? I sommar skal eg sitje ved elva og berre nyte!

Ingvild Steinsvik Mork smiler alltid. Ei blid og nøgd dame som osar av vilje til å skape noko. Heile familien er på den måten, dei har kreative yrke og har skapartrong så det held. Faren Ivar dreiv på 1980-talet møbelfabrikken Tussa Tre i den gamle verkstaden saman med nevøen Frank Sandvik. I det gamle verkstadbygget har det vore både sagbruk, ysteri og kraftverk, i tillegg til snikkarverkstad. I dag er bygningen tom og står fram som eit solid skal av stein og betong. Ein nedstøva, raud traktor er spor av gamal tid. Det vil verte mykje arbeid i samband med ei totalrestaurering. Men det er ei motivert dame som er klar for å ta i eit tak.

– I løpet av tre år skal vi ha kome på plass i verkstadbygget. Inntil då skal vi bu i barndomsheimen min som no fungerer som feriehus for heile familien.

Kaffi

40-åringen skjenkjer gloheitt vatn i ei grøn keramikkrus med brunt pulver i botnen. På trappa står blomstrar i mjølkespann og helsar dagen dei også. Dama har lenge tenkt mykje på det å skulle flytte heim, å forlate byen med sine urbane tilbod, og fjerne seg frå Ålesund sine føremoner. Ho har tenkt at Bjørke kunne verte vel tungvint. Men så har ho kome fram til at slik er det ikkje lenger.

– Før Kvivsvegen var Bjørke ein blindveg, men ikkje i dag. No er det så kort veg til nabofylket, og til Volda er det snart strake råsa. I Oslo er det mange som har langt større utfordringar med pendling, reflekterer dama. Ingvild meiner ein kan jobbe nærast kvar som helst berre ein er på nett. I alle fall når lysta til å bu der ho aller helst vil vere er så stor.

Renessanse

Ho opplever ein renessanse for Bjørke-samfunnet, ei slags stille oppblomstring, der optimismen mellom fleire er sterkare enn på lenge. Om sommaren har Bjørke vorte kommunen sin samlingsstad der tilbod og aktivitetar lokkar folk frå mange stader. Ifølgje Ingvild Steinsvik Mork har innbyggjartalet i bygda auka med sju personar siste to åra. Unge finn kvarandre og kanskje vert det born. Utviklinga er ganske unik når ein veit korleis det var for nokre år sidan då Bjørke stod på halv åtte med eine foten i grøfta.

– Her er store mulegheiter og mange i bygda viser vilje til å få til noko og dei har framtidstru, konstaterer 40-åringen nøgd. Ho ser lyst på dagane. For fleire enn henne opplever optimisme, arbeidslyst og sterk patriotisme for Bjørkebygda. Det er som ein snill sjukdom: Når nokon har trua og ser at det går an å få til noko, smittar entusiasmen over på andre.

Motto

Ingvild Steinsvik Mork er ikkje redd for å ta sjansar. Og skulle ho ikkje lykkast akkurat slik ho har tenkt, lever ho godt under bestefaren sitt motto: "Om ein so styrer si skute på grunn, så er det då lystig å segle!".

Førebels bur Ingvild Steinsvik Mork i barndomsheimen på Åkre, der utsikta mot Tyssefossen er god.
I den gamle verkstaden til bestefaren John Mork har Ingvild planar om designstudio og tilbod for turistar og andre.