I Møre-Nytt tysdag vart det referert eit brev til Sunnmøre politikammer, kommunen og lensmannskontoret om handhevinga av skiltplanen i Ørsta sentrum. I brevet skreiv Per Rangvald Langlo og Olav Svein Aambøe m.a. at det hadde vorte mindre handheving av skiltplanen i gågata etter at Ørsta lensmannskontor flytta saman med Volda lensmannskontor i Hovdebygda, og bad Sunnmøre politikammer ta tak i dette. Lensmann Guttorm Hagen svarar i eit brev at han fleire gonger har oppmoda Ørsta kommune om eit møte der trafikksituasjonen kan diskuterast, men at eit slikt møte ikkje har kome i stand enno.

– Lensmannen si tilnærming er at næringsdrivande etter søknad kan få parkere på tilviste, merka plassar i gata. I austre del av gågata er der einskilde næringsdrivande som driv slik at dei bør ha løyve til å køyre i gågata og parkere på tilvist plass. Varelevering i dag skjer ikkje berre før klokka 12.00 slik som skiltplanen fordrar. Mykje har endra seg i sentrum sidan gågata vart etablert, og skiltreguleringa bør justerast noko. Ørsta kommune og dei som har interesser i området bør igjen sjå på reguleringa.

– Kan ikkje prioritere overvaking av Vikegata

For politiet er handheving av dagens skiltplan også eit spørsmål om ressursbruk.

– Våre patruljar kan ikkje no prioritere overvaking av Vikegata for å skrive førelegg til dei som køyrer i strid med skilt 306.1 «Forbode for motorvogn». Eg har bede Ørsta kommune om å få sjå den del av skiltvedtak som omhandlar underskilt. Slik dokumentasjon har eg enno ikkje motteke. Underskilt må også vere i samsvar med rettar einskilde oppsitjarar har i området. Dersom austre del av gågata vert skilta med skilt nr 376 «Parkeringssone» kan vi handheve slikt parkeringsforbod utan nemnande ressursbruk.

Hagen skriv også at han har vore i kontakt med einskilde nyetablerte firma og gjeve pålegg om at skiltreguleringa skal fylgjast, og at situasjonen har betra seg.

Straksløysing

I brevet skisserer også lensmannen ei straksløysing.

– Næringsdrivande som har behov for biloppstilling bør mellombels få opparbeide og bruke Øyehaugtomta til parkering for tilsette og firmabilar. Også Røedhuset kan rivast, og det kan byggjast parkeringsanlegg under ny busslomme der Røedhuset no står. Slik løysing kan gje rom for nyetableringa og aktivitet i denne delen av sentrum. Det bør vere soneparkeringsforbod i austre del av gågata, der underskilt tek omsyn til einskilde næringsdrivande sine behov for biloppstilling. Dette er lette køyrety, og dei kan parkerast på merka, tilviste stader slik at det ikkje oppstår skade på anlegg. Dagens regulering er lite venleg i høve nyetablerte butikkar sine behov for biloppstilling og smidig drift.