Då familien Rødal nyleg las ei historie i Dagbladet om ein flaskepost frå England som vart funnen i Noreg etter 31 år, kom dei på ei liknande historie frå Ørsta.

I april i fjor var Mia (9) og Martin (7), busett i Kjelsås i Oslo, på besøk hos besteforeldra Bjørg og Jarle Winsnes på Håvoll.

På ein tur i fjøra på Rjåneset, fann dei ei flaske som inneheldt eit brev. Brevet var datert 14. juli 1996, og var vanskeleg å lese. I femte linje hadde fornamnet delvis forsvunne, men finnarane greidde akkurat å lese det før det vasstrekte papiret førte til at halve namnet forsvann.

– Verre var det at Loretta ikkje skreiv si fulle adresse, men berre “London, E436, England”. Med berre eit postnummer var det vanskeleg å finne ut kvar vi skulle sende eit svar. Sjansen er også stor for at ho har flytta og/eller skifta namn sidan den gong, seier foreldra Mette og Gunnar Rødal.

I ettertid har dei prøvd å kome i kontakt med Loretta frå London gjennom søk på m.a. nettstadene Facebook og Linkedin, utan resultat.

Nokre engelske kollegaer av Gunnar foreslo å prøve British Mail. Difor sende dei helsinga med flaska og ein kopi av flaskeposten til den adressa dei hadde. Diverre har ikkje flaskepostfinnarane fått noko svar, så dei trur ikkje brevet har kome fram til Loretta.