Det var om lag klokka 19.30 at ulykka skjedde. Mopedføraren køyrde på E39, ikkje så langt frå Rot på Vartdalsstranda, då han traff ein hjortekalv. Både kalven og mopedføraren hamna i grøftekanten etter kollisjonen.

Det var ein bilførar som passerte ulykkesstaden like etterpå som oppdaga kva som hadde skjedd, og varsla naudetatane.

Det vart rykt ut med politi, ambulanse og luftambulanse. Ifølgje politiet var det uklart kva skadeomfang mopedføraren hadde då han vart frakta til sjukehus, men han var medviten.

Det var mørkt ute då ulykka skjedde, og det var ikkje gatelys på vegstrekninga.

E39 vart sperra i begge retningar ein periode i samband med ulykka.

Mopeden låg att i grøfta.
Hjortekalven vart avliva etter ulykka.