Hendinga fann stad natt til 1. september etter at den sikta hadde kome heim frå ei utestad. Ho ringde ei venninne som var i Volda, og tilbaud seg å hente henne. På veg tilbake frå Volda, rundt klokka fem på natta, vart ho stoppa av politiet. Etter å ha blåst i alkometer vart ho teken med til Volda sjukehus for blodprøve. Analyseresultatet av blodprøva viste promille på 0,92. Kvinna erkjende seg straffeskuldig etter siktinga.

Retten finn det skjerpande at kvinna køyrde ei dryg mil på hovudveg der det var annan trafikk. Kvinna vart i mai også bøtelagt for m.a. køyring i påverka tilstand, og ifølgje retten er det eit skjerpande omstende ved fastsetjing av lengde på tapsrett av førarkort. Kvinna vert dømd til 21 dagar i fengsel, og får ei bot på 35.000 kroner, subidiært fengsel i 15 dagar. Ho vert også frådømt retten til å føre førarkortpliktig motorvogn for ein periode på 22 månader.