62 meter langt og 302 tonn tungt. Det var status for det enorme vogntoget som frakta ein transformator frå Sæbø til Hovdenakken tysdag ettermiddag.

Mykje folk hadde samla seg i sentrum av Sæbø då spesialbåten Elektron II eigd av Statnett Transport AS kom direkte frå Holland og la til kai på Sæbø for å ta i land ein del av ein transformator på 130 tonn. Han skal plasserast i den nye transformatorstasjonen i Hovdenakken som no er i ferd med å verte ferdig.

Ikkje kvardagskost

Dette handla ikkje om nokon ordinær transport. For det er ikkje kvardagskost at eit køyretøy på heile 62 meter køyrer gjennom gatene på Sæbø. Transporten hadde ei totalvekt på 302 tonn, og åleine vog transformatoren 130 tonn. To bilar, ein i kvar ende, måtte til for å drage og "skubbe" transformatoren opp gjennom Bondalen med politiet i front med blått lys. Kvar bil hadde 600 hestekrefter, og stakkars han som må leggje om dekk på køyretøyet: Der var ikkje mindre enn 80 hjul..

- Hengaren har 20 akslingar, difor vert ikkje akseltrykket på meir enn 13-14 tonn, fortel transportkonsulent Rune Flakk i Statnett.

Høgebrua

Den smale Høgebrua og den krappe Bern-Ole-svingen nedanfor Bondalseidet gjorde at kaia i sentrum av Sæbø måtte takast i bruk til transporten. Den største spenninga var knytt til svingen forbi nærbutikken Slettedal. Ville køyretøyet gå klar altanen i andre høgda på butikken? Det gjekk fint, med over ein meter klaring. Men i desember kan utfordringa verte større. For då kjem ein ny transformator-del til bygda. Og han er på heile 235 tonn. Då vert vogntoget heile 72 meter, og vil verte det lengste køyretøyet i Ørsta nokon gong.

- Då kan det hende dei må ta vekk den over femti år gamle bjørka i hagen min, fortel kjøpmann Toprbjørn Slettedal.