Fylkesmannen førte hausten 2010 tilsyn med Ørsta kommune. Ved dette tilsynet vart det gitt tre pålegg med til saman 10 korreksjonspunkt. Etter erklæring frå kommunen vart avvika lukka og tilsynet avslutta.

Hausten 2012 vart det gjennomført oppfølgingstilsyn med Velle skule. Temaet for tilsynet var elevane sitt psykososiale miljø. Under oppfølgingstilsynet vart det avdekka at samansetjinga av Skulemiljøutvalet (SMU) ikkje var i tråd med lova. Vidare var det låg aktivitet i dette organet, og også i Samarbeidsutvalet (SU).

«Drøvtygging»

Ørsta kommune hevdar at aktiviteten i rådsorgana SU og SMU ikkje er for låg til at intensjonen med desse organa vert oppfylt. Dei hevdar vidare at god aktivitet i elevråd og i Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) er tilstrekkeleg, og at ved større aktivitet i SU og SMU vil det vere fare for ei svekking av FAU og elevrådet.

Kommunen har hevda at to ulike sett med foreldrerepresentantar, eitt for FAU og eitt for SU, er urealistisk og lite ønskjeleg. Det er i denne samanheng vist til foreldra sin travle kvardag og at avgrensa møtekapasitet tilseier at ein bør unngå møte som er prega av «drøvtygging».

Ikkje medhald

Utdanningsdirektoratet meiner det er positivt at skulen opplever å ha eit godt samarbeid med foreldra og elevane gjennom FAU og elevrådet. Derimot er dei samd med Fylkesmannen i Møre og Romsdal om at skulen sin praksis er i strid med opplæringslova.

Velle skule har stadfesta at det berre er halde eitt møte i SMU etter at det vart oppretta, og eitt møte kvart år sidan SU vart oppretta i 2010.

– Utdanningsdirektoratet tek ikkje stilling til kor mange møte som må haldast, men eitt møte kvart år er openbert ikkje nok for å halde desse utvala orienterte om vesentlege saker knytt til skulemiljøet.

Skulen har argumentert med at det kan verke overflødig med både SU, SMU, FAU og elevråd, men Utdanningsdirektoratet minner om at dei ulike utvala skal oppfylle ulike oppgåver.

I Samarbeidsutvalet skal alle aktørgrupper i skulen ha mulegheit til å involvere seg i alle saker som gjeld skulen. Skulemiljøutvalet skal ha fokus på konkrete skulemiljøsaker og korleis skape eit godt skulemiljø. I Foreldreutvalet er det foreldra som kan drøfte saker som opptek dei, og i elevrådet er det berre elevane som har tilgang.

– Ettersom det ikkje er tilstrekkeleg aktivitet i Samarbeidsutvalet og Skulemiljøutvalet, sikrar ikkje skulen at desse utvala sine ulike roller og intensjonar vert ivaretekne. Utdanningsdirektoratet finn difor at skulen sin praksis er i strid med opplæringslova, konkluderer direktoratet.