Øvinga er i regi av fylkesmannen, og omfattar fleire kommunar. Med eit scenarie som var ganske likt situasjonen etter Dagmar, fekk beredskapsleiinga øvd seg på ein situasjon som både var realistisk og som dei hadde røynsler frå.

– Vi får bruke det vi lærte frå Dagmar i denne situasjonen. Men no skjer det på ein måndag føremiddag i staden for i romjula. Då må vi tilpasse slutnadene våre. Kva konsekvensar får det når vi til dømes stengjer alle skulane i Ørsta? Det er mange som skal ut på forretningsreiser eller andre ærend, som ikkje får gjere det fordi vi ikkje får sendt ungane på skule, seier ordførar Rune Hovde.

Saman med resten av beredskapsleiinga gjekk dei gjennom planane steg for steg, og budde seg på korleis dei skal handtere varsling og kommunikasjon i ein krisesituasjon.

– Vi skal nok greie å ta dei rette slutnadene og handtere det som skjer, men å få ut rett og god informasjon til innbyggjarane er ei kjempeutfordring, seier Hovde.

– Korleis vil de orientere innbyggjarane?

– Ved hjelp av heimesida til kommunen, Facebook, Møre-Nytt og andre aviser og etermedia. I tillegg har vi fått UMS-varsel, som betyr at vi no kan sende ut meldingar direkte til mobiltelefonane til innbyggjarane våre.

Nytt i kriseøvinga måndag var at kommunen testa ut tre satellittelefonar dei har kjøpt. Etter Dagmar var fleire utkantbygder utan telefondekning i dagevis. Dette vart til slutt løyst ved at Sivilforsvaret sende ut satellittelefonar.

Hovde ser uansett bruk av satellittelefonar som ein siste utveg for kommunikasjon med innbyggjarane.