Kollisjonen skjedde i 07.30-tida i bakken opp mot Morkabrua frå nordsida. Det var to involverte bilar, ein personbil og ein lastebil, og med ein person i kvar av bilane. Føraren av personbilen vart køyrd til Volda sjukehus med lettare skadar.

Det vart rykt ut både med to ambulansar, politi og brannvesen. Det er nokre skadar på begge bilane.

Politiet opplyser at personbilen  har kome over i motgåandekøyrebane, og det førte til ulykka. Førarkortet til ein mann i 20-åra vart rutinemessig inndrege. Det er ikkje mistanke om promille.

Saka vert etterforska av lensmannen i Ørsta.