Det siste året har vore fullt av omstillingar for bakeriet. No er dei i ferd med å finne tilbake til seg sjølv.

– Vi føler vi er liv laga. Vi håper at vi er det, seier Annette Westre Hjellen, som driv Westre Bakeri saman med mannen Arnt Egil Hjellen.

Dei er i full gang med årets julemann-produksjon i bakeriet sitt på Rystelandet, og prosessen frå kvit deig til gyllenbrune julemenn med raud konditorfarge går knirkefritt og raskt.

– Mange har lurt på korleis det går med oss, og vi er her enno, seier Annette.

Mange miste jobben

Det var farfaren hennar, Sverre Westre, som starta bakeriet på Vartdal i 1964. I 1971 tok far hennar, Eldar Westre, over, før han trekte seg tilbake og overlet drifta til tredje generasjon i 2007. I denne perioden vart bakeriet flytta til Rystelandet og utvida fleire gonger. Bakeriet dreiv eigne utsal fleire stader på Nordvestlandet.

– Vi var over 20 tilsette på bakeriet, fortel Annette.

I januar 2010 kjøpte Nærbakst opp Westre Bakeri, men i 2012 snudde oppturen. Nærbakst miste viktige kontraktar, og hadde ikkje lenger råd til å drive Westre Bakeri vidare. Mange miste jobben. No har det gått eitt år, og Westre Bakeri held framleis stand, om enn i ein litt annan storleik.

– I dag er vi to faglærte bakarar, Arnt og sonen vår Joakim, to konditorar, ein pakkar, og meg sjølv som er litt over alt. I tillegg tek mor mi litt kontorarbeid, seier Annette.

Dei har skifta litt fokus dei siste åra. Å vere store er ikkje lenger viktig. No vil dei vere sterke lokalt. Utsalsstadene sine i Stryn, Nordfjord, Hareid og Ålesund sentrum er lagt ned. Av utsalsstadene sine har dei att to i Ørsta, ein i Volda og ein på Moa.

– Vi er veldig nøgde med desse fire. I Ørsta og på Moa er vi lokalisert på kjøpesenter. Det kostar å vere på senter, men det genererer også mykje kundar. For oss er det eit reknestykke som har vore gunstig.

Kostbart

Dei angrar ikkje på at dei selde verksemda til Nærbakst. Dei hadde lenge tenkt at det var på tide å gjere noko.

– Vi måtte ikkje selje til dei i utgangspunktet, men vi hadde eit ønske om å drive på ein annan måte. Å drive stort, kostar stort, både av tid og pengar.

Men då nedturen kom, såg dei det ikkje som eit alternativ å legge ned. Dei fekk i stand ein avtale som både Nærbakst og dei sjølve kunne leve med, og gjekk vidare kvar for seg. No føler dei at dei har funne ei driftsform som dei kan leve med. Dei baker til sine eigne utsal, supplerer med litt spesialbestillingar, og er sin eigen herre.

– No bestemmer vi sjølve om vi vil ha berre rosiner i julebrødet, eller om vi også skal ha sukat. Vi kan faktisk gjere begge deler, og omfanget er ikkje lenger så stort som det var, seier Annette.

Dei har heller ingen planar om å verte store igjen.

– Lykkeleg som liten, er det vel noko som heiter, seier Arnt Hjellen, mens han førebur ein ny runde med deig til maskina som stansar ut julemenn.

Dei har staka ut vegen dei vil gå vidare, og tek ting litt som dei kjem. Marknaden kan dei aldri spå korleis vil utvikle seg. Neste år gler dei seg til å fylle 50 år.

– Eg ønskjer så inderleg at dette skal vere liv laga. At det skal vere plass til lokale bakarar med eigne varer i lang tid framover. Det er vårt langsiktige mål, og vi trur vi skal få det til, seier Annette, som lovar både gamle Westre-klassikarar og nye overraskingar til jubileet.