– Kvar dag arbeider næringskontoret i Ørsta med å knyte næringslivet i regionen saman. Også næringslivskonferansen er ein lekk i dette.

Det seier dagleg leiar Odd Magne Vinjevoll hos Ørsta Næringskontor.

Igjen slår Stiftinga Ørsta Næringskontor på stortromma, og inviterer saman med Sparebank 1 Søre Sunnmøre til den årlege næringslivskonferansen i Ørsta den 20. mar.

– Det er målet at denne konferansen skal verte årleg. Tilbakemeldingane etter konferansen i fjor var svært gode, og konklusjonen var at dette måtte vi gjere igjen, fortel Vinjevoll.

Toppnamn

Fleire toppnamn i lokalt og nasjonalt næringsliv kjem til Ørsta. Det er Kjell Arne Aurstad, Kjersti Kleven, Solveig Moe Frøland som lokale namn, og vidare Idar Vollvik, Bjørge Stensbøl, Jarle Sjo, Dag Inge Fjeld og Terje Devold. Terje Svabø er programleiar.

– Kjell Arne Aurstad berre «måtte» vi ha med som døme på ein lokal gründer med stor vekst. Vi meiner alle dei andre også har mykje å medverke med, seier Vinjevoll.

Næringslivskonferansen i Ørsta samla i fjor 120 deltakarar.

– Målet i år er to hundre frå heile regionen, seier Lillian Breivik i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

– Vi er medarrangør til konferansen fordi vi ynskjer å skape ein møteplass i næringslivet. Vi har to slike konferansar i året, denne i Ørsta på våren, og ein i Volda på hausten. Han er meir retta mot offentleg sektor og utdanningsmiljøet med bakgrunn i at vi har Høgskulen i Volda, seier Breivik.

Regionalt

Styremedlem Rune Hovde i Ørsta næringskontor er glad for at næringslivskonferansen er etablert.

– Vi skal ikkje underslå at vi i startfasen tenkte Ørsta. Men etter kvart kom vi til at dette måtte vere ein regional konferanse. For næringslivet eksisterer det ikkje kommunegrenser. Næringslivet må ikkje isolere seg innafor vande kommunegrenser, for viss vi ikkje tenkjer regionalt, kjem vi oss ikkje vidare, seier Hovde.

I fjor var deltakinga god frå Ørsta/Volda og ytre Søre Sunnmøre. I år håper arrangørane å få med endå fleire frå Nordfjord.

Påmeldinga skjer anten med å vende seg direkte til Ørsta næringskontor, eller ved å nytte næringslivskonferansen si eiga heimeside.

Nettverk

Årets næringskonferanse er lagt opp med lengre pausar enn i fjor. Det er ikkje fordi folk skal slappe av meir.

- Nei, noko av det som vart etterlyst i fjor var høve til å kunne snakke med kollegaer. Det gjer vi noko med i år, og håper at konferansen i endå større grad fungerer som ein møteplass, og der folk skaper nettverk, seier Vinjevoll.

Konferansen har ikkje noko spesielt tema i år, men emne som kommunikasjon, korleis rekruttere fleire kvinner til toppstillingar i næringslivet og makroøkonomi er mellom det som vert teke opp.