Det seier ein oppglødd ordførar i Volda, Jørgen Amdam (Ap).

Han held alle mulegheiter for samarbeidspartnarar i ei eventuell kommunesamanslåing for opne. Men poengterer at ei samanslåing av Ørsta og Volda er plan A, og når det spørsmålet er avklart – då startar ein eventuell prosess med Hornindal og Stryn. Det kan skje veldig raskt.

Etter møtet med statsråd Jan Tore Sanner måndag kveld, meiner han i alle fall at fylkesgrensa ikkje skal vere noko hindring.

– Summert opp tolkar ag Sanner slik at han seier at vi skal identifisere problema med ei fylkesgrense i ein samanslåingsprosess. Der etter sender vi problemstillingane over til han, og han vil løyse dei på statleg nivå saman med andre departementet. Det gjeld føretaksgrenser, vegregiongrenser, forholdet til fylkesmennene osb., seier Amdam.

Han er no saman med kommunestyremedlemmene i Volda og Ørsta samla til konferanse i Loen. Der er også sentrale politikarar frå Stryn og Hornindal inviterte til å vere med.

– Dei er modne for ein prosess saman med Ørsta og Volda, og ynskjer ei avklaring så raskt som mogleg. Både Hornindal og Stryn skal ha kommunestyremøte i månadsskiftet, og vil ta stilling til ei eventuell kopling mot Volda og Ørsta der, kommenterer Volda-ordføraren.

Amdam held alle mulegheiter opne. – Kanskje med unnatak av ein felles kommune for Volda og Stryn – der kjem Hornindal i mellom, seier han lattermild.

Likevel, skulle ikkje forhandlingane med Ørsta føre fram, meiner han det er minst like truleg vat det vert ein felles kommune for Volda og Hornindal.

– Ja, for vi er tett knytte saman geografisk og med kommunikasjon, seier Amdam.

Han løyner ikkje at han synest ein storkommune med Ørsta, Volda, Hornindal og Stryn er svært spennande.

– Geografisk vil det verte ein stor kommune, og truleg må vi tenkje ein heilt ny styringsmodell. Det kan vere ein modell med folkevalde bygdestyre. Desse får ansvaret for basisfunksjonar som barnehage, skular, heimebasert omsorg og kanskje sjukeheimar. Dette vil verte eit diskusjonstema, og vi må finne modellar som høver for dei fire kommunane samla.

– Kan ein slik modell også føre til at vi får område i Ørsta og Volda med meir sjølvstyre?

– Ja! Vi ser kva vi kan utvikle for Hornindal og Stryn, og om det har overføringsverdi til andre, seier Amdam.

Han presiserer at dette er tankar han har i forkant av fellesmøtet mellom Ørsta og Volda i Loen.

– Og det kan hende at vi torsdag (i dag) konkluderer heilt annleis, seier Amdam.