Det melder NVE på nettsida til varsom.no.

Unntaket er regionane Hallingdal og Vest-Telemark, der skredfaren er 1 - liten.

På Sunnmøre er snøskredfaren 2-moderat. Det betyr at det er fare for våte laussnøskred der sola får tak. Varsom.no oppmodar folk om å vere forsiktige i område med skavlar. I høgda kan det vere område med ustabile nysnøflak.

- Det er all grunn til å lese snøskredvarselet nøye før du legg ut på tur. Så langt har det stort sett gått bra i påska, men vi har registrert at det har gått enkelte skred. Det har losna anten av seg søjlv, eller av skiløparar, seier Tommy Skårholen, vaktleiar ved Snøskredvarslingen i NVE.

I høgda er det fersk fokksnø som fører til lokalt ustabile forhold. Problemet finst i høgda i alle varslingsregionane etter at vind har blese snø inn i leheng, og kan føre til at det losnar tørre flakskred. Under mildversgrensa og i bratte solvendte sider kan laussnøskred losne av seg sjølv.

-Gå inn på varsom.no og les skredvarselet nøye. Husk også at faregrad 1- liten ikkje er det same som at det ikkje kan gå skred. Små skred kan få store konsekvensar nær terrengfeller og i eksponert terreng, seier Skårholen.

Sjå snøskredvarselet for Sunnmøre her.