VTI Allianse står bak Stadion-parken, ein plan for utvikling av eit allaktivitetsområde ved Volda stadion. Her ønskjer dei å få på plass nye aktivitetsareal og samordne dette med ei parkmessig utforming av området, tilknytt turvegar og naturområdet i Elvadalen m.m. Planane inkluderer mellom anna ein klatrepark.

Prosjektet er planlagt utført mellom VTI-Allianse, VTI-Fotball, Friluftsforeininga Volda, og Volda kommune.

Samla totalkostnad er på 4.070.500 kroner.

Området er eigd av Volda kommune, og det er ein føresetnad for at prosjektet kan oppnå tilskot frå spelemiddelordninga at kommunen gir langsiktig rett til bruk av grunnen.