Avtalen gjeld  kortbanerutene til Widerøe  og innlandsrutene til Norwegian. Frå mars 2018 vil det vere høve til  å bestille kombinasjonsreiser med Widerøe og Norwegian.

–Avtalen vil gi Widerøe sine kundar større valfridom for reiserute, tidtabell og pris. Gjennomgåande billetter vil gi kunden langt kortare reisetid. Minimum tid mellom avganger vert redusert fra 2 timer til 30 minutt på alle lufthavmer unntatt Oslo Gardemoen, der det blir 45 minutter. Bagasje vil kunne sjekkast inn heilt fram til reisemålet i Norge, og passasjerar vil bli ivaretatt om det skulle oppstå kanselleringer eller forseinkingar, skriv Widerøe i ei pressemelding.

Alle ruter mellom Florø, Førde, Sogndal, Sandane og Ørsta/Volda til Oslo og Bergen er inkludert i avtalen.