Bedriftsleiaren lånte ut minst 47 millionar kroner som skulle brukast på forretningsprosjekt i Brasil. Men det er høgst uklart kvar pengane har blitt av, og lovnadane om tilbakebetaling med høg rente har ikkje blitt innfridde.

Den domfelte trøndaren forklarte i retten at han kom i kontakt med Tor Hallaråker i 2011, via ein felles kjenning. Bedrifta han var tilsett i, Austad maskinstasjon, hadde pengar til overs, og ville plassere dei på ein måte som gav god avkasting.

Hallaråker sentral

Tor Hallaråker samarbeidde med forretningsmannen Tor Erik Nilssen. Men den dømde bedriftsleiaren hadde mest kontakt med Hallaråker. I dommen står det: «Tor Hallaråker var hovudinformasjonskjelda hans, medan Tor Erik Nilssen vart presentert som ein kompanjong. Tiltalte forklarte i retten at han såg på seg sjølv som ein menneskekjennar, og at han derfor hadde full tillit både til Tor Hallaråker og prosjekta i Brasil.»

I retten forklarte bedriftsleiaren at han ikkje undersøkte den økonomiske soliditeten til Hallaråker og Nilssen. Og vidare: «Formålet med utlåna var knytt til fire ulike prosjekt i Brasil. For det første skulle låna brukast til å finansiere ei pågåande rettssak i Brasil mot 50 prosent av de omtvista verdiane. For det andre dreia det seg om investeringar i fast eigedom. Dette var landområde som skulle dyrkast, blant anna med mahogni. Det tredje investeringsområdet var telekommunikasjon, nærmare bestemt eit selskap som skulle byggje ut mobilnett. Den fjerde investeringen gjaldt verdipapir».

47 millionar inn på konto

I alt vart det øverført 47 millionar kroner frå ulike kontoar i Austad Maskinstasjon og tilknytta selskap. Dette skjedde via over 100 transaksjonar frå november 2012 til januar 2017. Med unnantak av ein mindre transaksjon på 20.000 gjekk pengane inn på kontoen til Tor Hallaråker. Det var tidleg klart at pengar ikkje vart betalt tilbake som avtalt frå Hallaråker si side. Likevel fekk Hallaråker overført stadig meir pengar.

I dommen står det: «Forut for det første utlånet fra Austad Maskinstasjon AS den 21. november 2012 hadde Nils Olav Folladal (den dømde bedriftsleiaren) personleg ved to høve lånt ut 50 000 kroner til Tor Hallaråker. Låneavtalar vart inngått og pengane vart overført 3. og 8. oktober 2011. Etter avtalene skulle låna tilbakebetalast seinast 31. desember 2011, og i tillegg skulle det innan same dato betalast ein rentekompensasjon på 50 000 kroner for kvart av låna.  På tidspunktet for den første lånutbetalinga 21. november 2012 frå Austad Maskinstasjon AS til Tor Hallaråker på 450.000 kroner, var følgelig tiltalte sine eigne utlån til Tor Hallaråker mislighalde, noko tiltalte var klar over.»

Mangelfulle låneavtalar

Retten teiknar av bilete av ei utradisjonell forretningdrift, utan formelle avtalar: «For dei fleste av overføringane ligg det ikkje føre låneavtalar, og det er inga uttrykkeleg regulering av betaling av avdrag og renter», står det i dommen.

Og vidare: «Retten bemerkar at den førespegla avkastninga i seg sjølv tilseier at det var svært høg risiko ved långjevinga. I tillegg kjem at avtalar om tilbakebetaling av hovedstol og renter vart mislighalde alt frå første utlån. Trass i dette heldt tiltalte fram med å overføre pengar frå selskapa. Det er på det reine at dei enkelte pengeoverføringane i stor grad vart utløyst av angivelege akutte behov for pengar til dekking av blant anna kritiske utgifter tilknytta prosjekta, innfriing av tidlegare lån frå privatpersonar og til dekking av utgifter av privat karakter. Av tiltalte si forklaring framgjekk det at det vart eit press om å bli med videre, og at det elles var fare for at pengane ville gå tapt, eller at det ville ta lengre tid å realisere prosjekta i Brasil. Ifølge tiltalte mangla det alltid nokre kroner.»

Kvar har så pengane blitt av? Det kan ingen svare på. Men i retten la politiet fram opplysingar frå skattetaten som viser at pengane har blitt øverført til i ei rekkje land, mange kjende som skatteparadis. I følge Trønder-Avisa sa aktor at han hadde inntrykk av at pengane har gått til privatpersonar som ein del av eit slags pyramidespel.

I ein tidleg fase av etterforskinga var Hallaråker sikta i saka, men siktinga vart seinare trekt tilbake. Til Sunnmørsposten har Tor Hallaråker tidlegare uttalt at han ønskjer å betale tilbake pengane som har kome frå den dømde styreleiaren, og at det er «djupt beklageleg» at dei ikkje er i stand til å betjene gjelda per i dag. Han har lova at gjelda skal vere betalt tilbake i løpet av først halvår 2018. Han opplyste også at han har store eigedomsverdiar i Brasil, og at han har vunne ein større telekontrakt.

Kvar er millionane?

Dommen som no ligg føre handlar om at bedriftsleiaren gjekk ut over sine fullmakter då han lånte ut pengane, og at han har handla aktlaust. Bedriftsleiaren er dømd til fengsel i tre år og fire månader for økonomisk utruskap, og må betale tilbake 45 millionar kroner til bedrifta.

Spørsmålet om kvar pengane har blitt av bryr retten seg lite om, men i dommen står det: « For retten er det ikkje lagt fram nokon dokumentasjon som gir grunnlag for sikre slutningar med omsyn til om det ligg føre reelle verdiar i Brasil, eller eventuelt kva for investeringar som er gjort. Dette er heller ikkje avgjerande for retten si vurdering av risiko og forsvarligheit ved utlåna».

Skuldar 80 millionar

Retten skriv dette om Tor Hallaråker si rolle: «Formålet med låna var at pengane skulle nyttast i tilknyting til ulike prosjekter i Brasil. I samsvar med tiltalte si eiga forklaring legg retten til grunn at tiltalte ikkje gjorde nokon undersøkingar med omsyn til betalingsevna og –viljen til låntakarane. I denne samanhengen viser retten til at Tor Hallaråker forklarte at han var utan inntekt og formue, at han kun arbeidde med prosjekta i Brasil og hadde levd på lånte midlar, og at han og Tor Erik Nilssen i dag har ein samlet gjeld, som dei heftar solidarisk for, på ca. 80 millionar kroner.»

Tor Hallaråker er involvert i fleire forretningsprosjekt i Brasil, men fagre lovnader vart ikkje blitt innfridde for trønderen som lånte ut millionbeløp. Illustrasjonsfoto frå Rio de Janeiro Foto: Svein Aam