- Vi er kjent med fenomenet, men vi har ikkje fått meldingar om at det skal vere eit særleg stort problem.

Kyrkjeverje Arnstein Myklebust snakkar om ein litt nebbete tjuv som stel gravlys frå kyrkjegardane både i sentrum og på Askjellhaugen.

I fin driv opp frå kyrkja kjem kråka med tung last, eit gravlys med gulltopp og plastkropp. Kråka siktar seg inn mot hard asfalt, men ikkje på vegen. Ho er ikkje dum. Ho siktar på parkeringsplassen utanfor Møre-Nytt. Der er det trygg grunn og lite trafikk.

Pang. Gravlyset smell mot bakken. Plasten slår sprekker, og festen kan starte.

Sjekkar omgjevnade. Ingen som ser? Då kan arbeidet med å ete gravlys starte. Foto: Janne-Marit Myklebust

Det er talgen i gravlysa kråka er etter. Det er god og feit mat for ei vintersvolten kråke.

- Nokre meldingar har vi fått, for ei tid tilbake, om at det har forsvunne nokre gravlys og litt pynt frå gravene. Det er nok kråka eller andre fuglar som har vore på ferde, trur Myklebust.

Eingongslysa som er å få kjøpt til gravene er passe tunge til at kråka får dei med.

- Trikset kan vere å ha lykter å sette lysa inni, seier Myklebust.

- Då får ikkje kråka tak i dei.

Intelligente fuglar

Ornitolog Magne Husby ved Nord Universitet- den einaste nordmann med doktorgrad på skjor, seier at fenomenet med kråker, skjor og andre fuglar som stel gravlys er eit fenomen som har vakse seg ganske stort dei siste åra.

- Talg er god mat, og det har desse fuglane forstått. Dei er nysgjerrige av natur, og er alltid på leiting etter mat. Det er fuglar i andre delar av verda som gjer det same, så når ein fugl er smart nok til å finne dette ut, tek andre raskt etter, fortel han.

Så fasinert er Husby over skjora at han like godt har skrive boka "Skjæreboka", der mellom anna dette temaet er omtalt.

- Dette er intelligente fuglar. Skal dei knuse blåskjel for eksempel, så kan dei plassere skjelet på vegen slik at bilane køyrer over det, og så går dei til dekka bord etterpå.

Ved nyttår for to år sidan, fortel Husby, var det så mykje vind at alle lysa på gravplassen blåste ut. Då han kom på kyrkjegarden første nyttårsdag var der hundrevis av kråker som boltra seg på tidenes talglys-festbord.

- Det er godt for kråka, men det er ikkje fullt så kjekt for dei som har tent lys for sine kjære. Så ei løysing kan vere å sette opp desse lysa med batteri. Det vil vere uinteressant for fuglane. Det er også ei løysing å bruke lykter som lysa kan stå i, men ikkje ver for sikker på at kråka ikkje klarer å lirke opp også denne. Dei klarer stadig å forbetre teknikkane sine.