VØR ynskjer å få farleg avfall ut av restavfallet. Dette er bakgrunnen for at VØR i løpet av første halvår 2018 deler ut raudboks for levering av farleg avfall til sine abonnentar, heiter det i ei pressemelding.

I denne boksen kan abonnentane levere mindre mengder farleg avfall som til dømes batteri, lyspærer, mobiltelefonar, røykvarslarar, sprayboksar og kjemikaliar.

I 2018 vil VØR hente inn og tømme dei ein gong, medan det vil skje to gonger i året frå og med 2019.

Det vil og verte høve for folk sjølve til å tømme boksane på miljøstasjonen.

Og på miljøstasjonen vil det sjølvsagt framleis vere høve til å levere frå seg farleg avfall.