Formannskapet rår kommunestyret, mot hans Olav Myklebust (Frp) si røyst, om å gjere vedtak om busetjing av 15 flyktningar inkludert inntil fire einslege mindreårige under 15 år gjennom Bufetat i år. Formannskapet meiner kommunen bør akseptere fleksibilitet i fordelinga av plassar til einslege mindreårige over/under 15 år dersom alderssamansetninga i denne gruppa endrar seg. Familiesameiningar vil kome i tillegg.

Det er flyktningkontoret som rår til å redusere talet frå 25 til 15 flyktningar. Paul Kristan Hovden meiner talet er for lågt.

– Ikkje sidan andre verdskrig har så mange menneske vore på flukt som no, og då skal vi altså redusere talet. Ørsta har tidlegare vist raus haldning, det bør vi halde fram med. Vi skal ha kvalitet på integreringstenesta, det er viktig, men 25 flyktningar er lite nok, meiner Hovden.

Gunnar Knutsen (V) oppmoda om busetjing av flyktningar på bygdene.

– Mange vert busette i sentrum, det er utfordrande med å skape ein god skulekvardag og integrering. Det burde vere eit mål å busetje fleire på bygdene der det er plass, sa Knutsen.