Den prisvinnande foredragshaldaren Marco Elsafadi kjem snart til Ørsta for å lære folk meir om samarbedi på tvers av offentlege instansar, lag og organisasjonar.

Det er Ørsta kommune som invitererer til foredraget med Elsafadi på Ørsta kulturhus fredag 21. oktober.

Kommunen skriv på si heimeside at påmeldingsfristen er 10. oktober, og vidare:

«Fagseminaret passar for alle som jobbar med/møter menneske, og førebygging av utanforskap. T.d. Politi, NAV, skule, helse, barnevern, frivillige lag og organisasjonar, trussamfunn.»

Eit sentralt tema for Elsafadi er korleis vi saman kan arbeide mot utanforskap, og førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.