«Der kjem Dag, um

ikkje Folk er uppe»

”Der kjem Dag, um ikkje Folk er uppe ” heiter det i eit av ordtaka som vi finn i 1881 utgåva av Ivar Aasen si samling ”Norske Ordsprog”. Alt tyder på at kommunereforma kjem om vi i Ørsta ikkje er oppe også. Kommunestyret har difor gjort eit klokt vedtak om å bruke tida framover på å bu oss på at reforma kjem. Eg vil her bruke litt tid på å prøve å forklare kva vi gjer, kvifor vi gjer det og også litt om korleis eg sjølv ser på dei utfordringane vi no står føre.

«Di meir ein hastar,

di meir ein heftest»

Som ordførar arbeider eg kvar dag med eit einaste mål: Å leggje tilhøva best mogeleg til rette for innbyggjar og næringsliv i kommunen vår. Dette kan vere dei små sakene som uventa dukkar opp og let seg løyse over bordet, eller det kan vere tunge og krevjande saker som krev både tolmod og klokskap om ein skal finne gode løysingar. Kommunereforma er heilt klart eit døme på den siste typen sak.

Vi kan først av alt slå fast at utfallet av diskusjonen om kvar kommunegrensene skal gå i framtida ikkje er gjeve. Ordføraren si oppgåve er mellom anna å gjere sitt for at alle reelle alternativ blir tekne med i det innleiande arbeidet. Fordelar og ulemper finst det både om ein vel å halde fram som eigen kommune eller om ein vel å slå seg saman med ein eller fleire av grannane våre. Eg meiner at den avgjerda vi til slutt tek står sterkare om vi klarer å sjå ei sak frå fleire sider, og har difor ved fleire høve åtvara mot å konkludere for tidleg. Det kjem ikkje noko godt ut av å måla seg inn i eit hjørne og rope ja eller nei hausten 2014 når kommunestyret har sagt at avgjerda skal takast etter ei grundig handsaming, og etter at folket er spurde, våren 2016.

«Ongul utan Agn gjerer inkje Gagn»

Eller ”kva har eg igjen for dette” er eit spørsmål vi menneske stiller oss når noko skal gjerast. Eg har merka meg at fleire av dei som målber skepsis eller motstand mot kommunereforma meiner at dei ikkje får vite korkje kvifor vi skal ha ein reform, eller kva vi vil ha att for å vere med på den frivillige delen av denne. Sanninga er at fleire av desse svara har vi fått, medan vi på andre område veit når meir informasjon skal kome. Eg skal kort gjere greie for deler av dette her:

Bakgrunnen for reforma er at dagens kommunestruktur i hovudsak er 50 år gamal og tilpassa samfunnet slik det var då. Nye tider og nye krav til kommunane tilseier at om innbyggjarane utover i landet skal vere sikra likeverdige tenester så er det no både fornuftig og naudsynt å sjå på den administrative inndelinga av landet med vår tids auge. Ekspertutvalet som er nedsett konkluderte med at ein kommunestorleik på 15000–20000 innbyggjarar er det ein bør ha for å kunne løyse dei oppgåvene kommunane i dag er tillagt på ein god måte. Ørsta, og mange kommunar med oss, løyser i dag mange av våre oppgåver på ein god måte. På andre område er vi nøydde til enten å slakke på kvaliteten eller å samarbeide med andre kommunar. Samarbeid er ofte bra, men det fører også at vi gir frå oss styringa av tenester som våre innbyggjarar skal ha til politikarar og administrasjon i andre kommunar. Kommunereforma gir ei moglegheit til å få hand om meir av desse oppgåvene sjølve, og diskusjonen framover vil m.a. vere om dette er noko vi ønskjer.

Kva får vi så att i kroner og øre? Vi kan slå fast at tida for bruer og tunnelar som kompensasjon for å slå saman kommunar er forbi. Der er laga faste reglar for kva ein får, og regelverket er slik at om ein t.d. slår saman Ørsta og Volda vil ein få 20 millionar til å dekkje eingongskostnader og 20 millionar som eit reformtilskot til den nye kommunen. Fleire kommunar og fleire innbyggjarar vil gi auka tilskot. Det overraskar meg at enkelte som tek del i debatten ikkje ser ut til å ha fått med seg dette.

Det er verd å merke seg at økonomi ikkje er brukt som argument for reforma i Noreg. Tvert om så seier Stortinget at kommunar som slår seg saman får behalde tilskot som om dei var fleire i ganske lang tid. Spesielt interessant er det faktisk om ein ser på at den nye kommunen vil få behalde det såkalla ”inndelingstilskotet” og evt. distriktstilskot i 15 år før det vert nedtrappa over dei 5 neste. Dette tyder i klartekst at den nye kommunen vil få i overkant av 18 millionar årleg i 15 år som staten seier at vi ikkje ”treng” om vi er ein og ikkje to kommunar. Dette utgjer over i dei 20 komande åra 317 millionar kroner som politikarane om dei ønskjer, og evner, kan bruke til å gjere framtida betre for innbyggjarane våre.

Totalt får ein soleis 357 millionar kroner, der 20 av desse er øyremerkte til å dekkje kostnader ved samanslåinga, 20 er ei mild gåve fordi to kommunar slår seg saman og 317 millionar er ei moglegheit som det blir opp til dei lokale politikarane å klare å nytte seg av gjennom klok styring kombinert med djerve og medvitne val i åra som kjem.

«Sidste Sauden vil Ulven taka fyrst»

Vi veit altså ganske mykje om kva kommunane skal drive med framover allereie, vi veit kva vi har i vente når det gjeld økonomi, og vi veit at om vi vel å halde fram som eigen kommune så vil det også innebere endringar i åra som kjem. Når eit stort fleirtal på Stortinget peikar på at ei reform er naudsynt så er det all grunn til å forvente at ho kjem. Det er inga tvil om at der vil vere mange utfordringar framover før ein ny kommune eventuelt ser dagens lys. Ingen skal heller tvile på at kommunestyret i Ørsta med å gjere eit vedtak om ein prosess framover mot våren 2016 ønskjer å få mest mogleg oversikt over både enkeltsaker og heilskap før ei avgjerd blir teken. Det blir eit krevjande arbeid både for politikarar og administrasjon, men vi har altså gjort eit val om å ta styringa i prosessen innanfor det handlingsrommet vi har. Vi skal ikkje verte ”sidste Sauden” i denne saka.

«Gamall Gamp kan også kneggja»

Kva meiner så ordføraren sjølv om kommunesamanslåing? Etter mitt syn har vi eit val no om vi skal ”lene oss framover” og sjå moglegheiter, eller om vi skal ”stritte i mot” og prøve å halde oss fast i fortida. For meg er det viktig at verda kring oss heile tida endrar seg, og at også vår generasjon må gripe dei sjansane vi får til å utvikle samfunnet i rett retning. Så lengje eg har vore i politikken har vi kjempa med ”ryggen mot veggen” ved kvart eit einaste budsjett som har vorte vedteke. Om vi syner djervskap, og har vilje og evne til å lykkast så kan kommunereforma verte starten på ei ny tid for vårt område. 337 millionar kroner kan brukast til mykje velferd i dei komande åra. Men lat det vere heilt klart: Om vi skal lukkast med dette, trengst det god styring både politisk og administrativt i dei komande åra. Dette kjem ikkje av seg sjølv, vi må skape vår eiga framtid. Eg er også overtydd om at dei som seier at ”alt var betre før”, dei tek feil. På same måte er det feil å tru at om vi berre seier nei no, så forblir alt som i dag. Endringar kjem og mitt val er å jobbe steinhardt for å utnytte desse til å skaffe ei god og spanande framtid for oss som bor i det som i dag er Ørsta kommune.

Resten av mi ordførarperiode vil eg bruke mykje tid på å få fram fakta og klargjere dei alternativa vi har. Om eg får tillit til å halde fram i jobben etter valet, blir hovudoppgåva etter kvart å kjempe våre innbyggjarar si sak når vi skal kome til semje med ein eller fleire nabokommunar. Deretter startar den verkeleg spennande jobben: Å skape framtida ut frå dei nye føresetnadene vi då har. Det er ein jobb eg vil vere med på. Eg er overtydd om at vi i Ørsta-samfunnet har dei kvalitetane som skal til for å lykkast med dette.

Rune Hovde

Ordførar

P.S. Alle overskriftene er henta frå 1881 utgåva av ”Norske Ordsprog”, samla av Ivar Aasen. Der finst det minst like mange gode ordspråk som kan brukast for å argumentere mot kommunereforma …