I februar i år var kvinna på hyttetur saman med venninner på Stranda. Etter middag med inntak av vin fekk kvinna ein dårleg beskjed frå kjærasten sin, fekk panikkangst, tok bilen og køyrde heimover. I Austefjordvegen i Volda vart kvinna stoppa av politiet, og utandingsprøve viste ein alkoholkonsentrasjon på 0,76 milligram pr. liter luft. I retten sa kvinna seg straffskuldig etter tiltalen.

I Sunnmøre vart kvinna dømt til fengsel i 23 dagar. I tillegg må er kvinna dømd til å betale ei bot på 20.000 kroner. Kvinna mistar og retten til å føre førarkortpliktig motorvogn i 18 månader.