På landsbasis vart 2017 eit svært godt år for nybilsalet. Det vart registrert 158.650 nye personbilar i Noreg i fjor, som gjer 2017 til det tredje største salsåret i historia. For dei fem lokale forhandlarane i Ørsta har pågangen vore god både i nybil- og bruktbilsalet.

– For Toyota Sunnmøre Hovdebygda var 2017 eit godt år for oss. Vi selde omtrent like mykje bilar som i 2016. Totalt gjekk det ut 95 nye bilar og 190 brukte, seier dagleg leiar Ragnar Fjørtoft.

For bilforhandlaren i Hovdebygda er det spesielt RAV4, Yaris og CH-R som har slått godt an blant kjøparane.

– For Toyota sin del så er diesel ute. Vi sel hybrid-personbilar som i tillegg til elektrisitet går utelukkande på bensin. Hybridbilane er veldig populære og noko som vi sel godt av. Vi har lagt bak oss eit godt år. Vi vonar at det vil gå bra også i 2018 og det ser bra ut, seier Fjørtoft.

Godt år: Ragnar Fjørtoft har selt godt med både nye og brukte bilar i 2017. Ettspurnaden etter hybridbilar er stor. Foto: Joachim Kroken Åsebø

– Stor suksess med el-Golfen

1. januar i fjor gjekk Sandven Ørsta over til å bli Berge & Co. 2017 vart difor eit oppstartsår der verksemda tilpassa seg eit nytt konsern.

– Vi var ikkje lenger ein liten og einsleg forhandlar, men vi er i eit stort konsern som omsett for 700 millionar kroner. Dette har vore positivt for oss og overgangen har gått fint. Det har vore kjekt for oss og alle dei tilsette, seier dagleg leiar Kjell Snipsøyr.

Berge & Co har fått merke etterspurnaden etter elektriske bilar.

– Volkswagen Golf var den mest selde bilen i Noreg i fjor, og vi har hatt stor suksess med el-Golfen lokalt. Vi har mykje nytt i vente på el-sida, og innan to år vil Volkswagen levere ei heilt ny line innan elbilar. Totalt vart det selt 232 bilar nytt og brukt frå oss, og det tykkjer vi er bra. Nybilsalet var nokolunde for oss.

Medan etterspurnaden er aukande for hybrid og heilelektriske bilar har Snipsøyr framleis tru på dieselbilen.

– Eg trur vi framleis i nokre år skal ha dieseldrivne bilar i tillegg. Med nye Euro 6-motorar er dieselbilane mykje meir miljøvennlege enn kva politikarane får kundane til å tru. Dieselbilane er også tilpassa vårt område, utan tvil. Men hovudtrenden er etterspurnaden etter elbilar er aukande

– Selde meir enn i 2016

For Bil & Gummiservice var 2017 eit positivt år.

– Vi har selt meir bilar totalt med nytt og brukt i 2017 enn året før. Vi har hatt bra høgt sal gjennom mange år, og med auken i fjor vart 2017 eit av dei beste åra vi har hatt, seier salsleiar Hans Olav Myklebust.

For bilforhandlaren som m.a. sel Opel er trenden i lokalmarknaden klar.

– Kundane vil ha meir elbil og mindre dieselbilar. Det er framleis ganske jamt fordelt mellom diesel- og bensinbilar. På elbil leverer vi det vi får tak. På landsbasis har vi ikkje klart å levere nok elbilar, og heller ikkje lokalt. Etterspurnaden er større enn produksjonen.

Medan fleire kjøpte elbil som bil nummer to tidlegare, er det fleire som no vel elbilen som hovudbil.

– Grunna god rekkevidde så er det fleire som vel elbilen som hovudbil. Det vert stadig fleire modellar og variantar. Etter kvart vil det vere ein elbil for alle. Vi er ikkje der endå, men vi vil vere innan få år.

Meir elbilar: Trenden for Bil & Gummiservice er at fleire bil ha elbil og at etterspurnaden etter dieselbilar er litt nedadgåande. Her er nytilsett seljar Audun Kr. Høydal saman med Hans Olav Myklebust. Foto: Joachim Åsebø

Har selt ti bilar før modellen er komen til Hovdebygda

Ørsta bil nådde sine salsmål for 2017 både på nye og brukte bilar.

– Vi nådde dei måla som vi skulle i 2017. Salet av både nye og brukte bilar var godt. I tillegg hadde svært godt belegg på verkstaden og karosseri. Så vi er godt nøgde med fjoråret, seier dagleg leiar Kjell Krumsvik.

Nissan Leaf har vore ein populære modell for dei vil ha elbil. Forhandlarane ventar på ein no modell i desse dagar og den har allereie selt godt lokalt.

– Vi har allereie selt ti bilar av den nye modellen, og det er sjeldan at det blir selt bilar før dei i det heile teke er kome til oss. Den nye Leafen har vi store forventningar til. Alle varebilar som vi leverte i fjor var dieselbilar. Dei stor SUV-ane både på Ford og Nissan går på diesel. Trenden på mindre bilar er nok bensin. Vi er flinke på intervjue kundane om kor langt dei køyrer. Køyrer 10.000 kilometer i året bør du velje bensin, seier Krumsvik som har von om at 2018 vert like godt som 2017 for Ørsta bil.

Nøgde: Cato Eiksund Rogne og Kjell Krumsvik i Ørsta Bil er nøgde med 2017 og har selt godt med nye bilar gjennom året som har gått. Foto: Joachim Åsebø

– Vel diesel eller bensin ut frå modell og motor

Bjørdal Bil forhandlar Honda og Suzuki, og desse bilmerka har ikkje elbilar.

– Vi har hatt eit bra år som har vore litt over forventningane. Det vil vere syklusar i bilsalet og vi vil alltid vere prisgitt årets modellar og avgifter. Salet har vore bra til trass for at Honda og Suzuki ikkje har elbilar, seier dagleg leiar Arne Moe.

Bjørdal Bil er midt oppe i ei stor ombyggingsfase, og lokala skal totalrenoverast. Dei nye bilmodellane er på veg inn, og om kundane vel diesel eller bensin kjem an på modellen.

– Nittini prosent av dei som kjøper CRV vel diesel fordi det er mest fornuftig med den modellen. Toppmodellane innanfor Suzuki vert det selt mest bensin. Modellar og motoralternativ er det som avgjer om kundane vel diesel eller bensin.

Over forventningane: Arne Moe i Bjørdal Bil rapporterer om eit år over forventningane til trass for at Honda og Suzuki ikkje har elbil-modellar. Foto: Joachim Åsebø