Med den første hauststormen og survêret så vidt lagt bak oss vert vi minna om at sommaren sine herlege dagar ikkje varer evig, og kommuneoverlegen minner også om at influensasesongen står for døra.

Stort kommunalt opplegg

– På vanleg måte tilbyr kommunen eit stort opplegg slik at alle som er i risikogruppene, og også i andre målgrupper for vaksinasjon mot sesonginfluensa, skal få tilbod om dette no, fortel Gotteberg.

Punktvis er opplegget for vaksinasjonen slik:

• Helsesøstertenesta tilbyr opne vaksinasjonsdagar utan timebestilling på Bakk-Ola Marka – Aktivitetssenter i veke 41 og ein oppsamlingsdag der i veke 43.

• Pleie- og omsorgstenestene tilbyr opplegg for vaksinasjon til alle på institusjon.

• Legekontora tilbyr influensavaksine og pneumokokk-vaksine, ”lungebetennelse-vaksine”, til dei som likevel har time der for avtalte kontrollar.

– Hiv dykk rundt!

Det er viktig å seie ifrå om at det er no det skjer og at det er no du bør ta steget for å beskytte deg! Vaksine gir best verknad om han har fått verka ei stund, seier Gotteberg.

– Det er ein uting å vente til influensaen verkeleg kjem og media er full av ottefulle overskrifter. Helsesøstertenesta set no av store ressursar til dei opne vaksinasjonsdagane. Folk må ikkje rekne med at dei har mulegheit til å gi tilbod om vaksinasjon etter at desse dagane er over, orienterer Gotteberg.

Helsetenesta i Ørsta har rykt ut med ein annonse, og i denne er det ei alfabetisk tilråding om vaksineringstidspunkt.

– Det er viktig å vere klar over at dette berre er ei tilråding for å fordele arbeidsbelastning og frammøte. Det er ikkje slik at nokon vert avviste om dei kjem ei anna tid enn den tilrådde, forsikrar Gotteberg.

Influensakompliksasjonar kan vere alvorlege

Folkehelseinstituttet seier at nær ein million menneske i Norge har auka risiko for komplikasjonar på grunn av influensa, og har rekna ut at kvart år døyr i gjennomsnitt 900 personar i Norge som følgje av at sjukdommen kjem på toppen av annan helsesvikt.

Risikogruppene går fram av dei lysingane kommunen har.

Nokre friske er også målgruppe for vaksine

Ut over dei med spesielle kroniske sjukdommar (risikogruppene), vert alle over 65 år, og alle gravide frå 12. svangerskapsveke tilrådd å late seg vaksinere.

– Det same gjeld helsepersonell som har pasientkontakt, husstandsmedlemmer til personar med nedsett infeksjonsforsvar, svinerøktarar og andre som regelmessig har kontakt med grisar, seier Gotteberg. Han peikar på at mange meiner at å late seg vaksinere mot sesonginfluensa aukar sjansane for å halde seg friske og at ein kan ha ein god vinter

– Og eg ynskjer at folk skal ha ein god vinter, seier Gotteberg.