Torsdag vart samane sin nasjonaldag markert over heile landet. I Barnas Vel var det både lassokasting og historieforteljing.

Budde hos samane

Arne Ola Grimstad budde i Alta og Karasjok frå 1967 til 1980. Han var mykje saman med samane, og vart svært fascinert av deira kultur, handverk, klede, jaktform og levesett, noko han formidla til borna på nasjonaldagen.

– Å sjå at ein i dag heisar det samiske flagget, er fantastisk, seier Grimstad.

Feirar av respekt

Med seg i sekken hadde han ein lasso, skallar (sko av reinsskinn), eit gevir og ei tradisjonell samebukse. Det var med stor interesse borna fekk høyre om samisk historie og korleis dei lever i dag.

– Kvifor er det viktig å markere samane sin nasjonaldag, Grimstad?

– For det første er dei våre landsmenn. For det andre har det norske samfunn utøvd så mykje urett mot dei, at det burde vere kvar nordmenn si plikt å rette det opp og vise si respekt. Les ein historia over kva myndigheitene har sagt og gjort, er det forskrekkande, seier han.

– Bør lære om kulturen

Pensjonert førskulelærar Wenche Myklebust møtte også opp for å vise borna samisk kultur. Ho vaks opp i Karasjok, som minoritet blant samiske born. Der lærte ho språket og kulturen.

– Eg set veldig stor pris på at eg vaks opp i ein tospråkleg kultur, seier ho. Torsdag reiste ho rundt på fleire skular og barnehagar for å fortelje om samar.

– Det er kjempefint at borna lærer om samisk kultur. Samane bur i Noreg, og all den tid barnehagane skaffar seg lavvoar og reinsskinn, bør dei vite meir om kvar det kjem ifrå. Og folk her trur at alle som er samar har reinsdyr. Slik er det jo ikkje. I Karasjok har ein alle yrke som ein elles har, og det hadde dei i min barndom også. Mange hadde rein, men dei som budde i sentrum og bygda hadde gardsdrift.

Spanande å høyre om samane i lavvoen.