Det største privilegiet for henne, er at ho som festspeldiktar får sjansen til å vise fram andre forfattarar.
– Det har vore viktig for meg å vise fram andre kollegaer som eg set pris på, og som er heilt forskjellige diktarar enn det eg er, seier Eikemo.
Slik har ho fått tidlegare festspeldiktar Frode Grytten til å ta seg ein tur, og slik har ho fått til ein samtale mellom Bergsveinn Birgisson og Runar Gudnasson.
– Det er kjekt at eg har fått påverke programmet på denne måten, og det er eg takksam for, seier Eikemo.
Ho er også takksam og litt stolt over å vere festspelforfattar når ho ser rekkja av tidlegare festspeldiktarar.
Eikemo har ikkje som tidlegare festspeldiktarar teke turen til Ørsta og Volda før sjølve festspela for å vere med på ymse lesestunder og forfattarmøte. Ho arbeider på fulltid som dagleg leiar for Cornerteateret i Bergen.
– Samstundes har eg hatt eit bokprosjekt på gang, og eg har berre ikkje hatt tid til å kome hit tidlegare, seier Eikemo.
Men i dei fire dagane festspela varer, er ho engasjert til dei grader. Det vert opplesing av tekstar, leiing av samtalar, møte med andre forfattarar og deltaking elles på mange arrangement.
Verdivurdering
Debuten hennar som forfattar kom med intervjuboka «Her, no. Møte med unge menneske» i 1999. Sidan har det kome ei essaysamling og fire romanar. I romanen Alt inkludert frå 2015 speler marknadskanalen finn.no ei sentral rolle. Her teiknar Eikemo ifølgje den nynorske nettstaden Allkunne, eit tydeleg og vittig portrett av Noreg i dag og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd, nedlest av ting, på evig jakt etter meir.
– Og då synest eg det vert kjekt at vi laurdag har ein programpost om verdivurdering av eit hus saman med ein meklar. Det gler eg meg til, seier Eikemo.
Temaet for Dei nynorske festspela er identitet, og det å kjøpe eit hus, det seier mykje om identiteten din, meiner Eikemo.
– Identiteten din er med på å avgjere kva hus du vil ha, kva du fyller det med – om du vil at born skal vekse opp i det, seier Eikemo.
Ho er meir i tvil om det er ein eigen nynorsk identitet.
– Håpet er at det skal vere ei sjølvfølgje at du brukar nynorsk utan at du tenkjer over at det er identiteten din. På den andre sida er nynorsk eit språk som kan fortelje kvar du er ifrå, kvar du kjenner tilhøyrigheit, for det er utanfor dei sentrale stroka nynorsken mest vert nytta. Eg tenkjer ikkje då på nokon bygdeidentitet, då trur eg språket er viktigare, men meir staden du kjem ifrå, seier Eikemo.
Eikemo er fødd i Odda, og er utdanna cand.mag. Ho har vore journalist i Bergens Tidende, redaktør for Syn og Segn saman med Hilde Sandvik (2002–2006), informasjonssjef for Festspillene i Bergen (2006–2009), kunstnarisk leiar for festivalen Litteratursymposiet i Odda (2009–2014) og redaktør i forlaget Vigmostad og Bjørke (2014–2016). Frå 2016 er ho dagleg leiar for Cornerteateret i Bergen.