Så har det blitt ein frisk diskusjon om kva som må gjerast med nattebråket i Ørsta sentrum. Noko nytt er dette ikkje. Uvettig bilkøyring i Ørsta sentrum har eksistert så lenge det har eksistert bilar og ungdomar. Som Baarelaget syng: «Det er ingen som klarer å stanse han Bertil ifrå Berknes».

At dette er gammalt nytt minskar ikkje behovet for å gjere noko. Det er uhaldbart at dei som bur i sentrum kjenner seg så sterkt plaga at dei i beste fall må ta sovemedisin natt til laurdag, eller i verste fall må evakuere til fredelegare strok, og bli børning-flyktningar.

Det er også uhaldbart at det eksisterer ein kultur der dei som seier frå om bråket er redde for represaliar. Det er alarmerande når folk Møre-Nytt har kontakta ikkje vil stå fram med namn og bilete i avisa fordi dei fryktar knuste vindauge, øydelagde blomsterbed eller punkterte bildekk.

I diskusjonen på Facebook mellom Møre-Nytt sine lesarar har fleire etterlyst skikkeleg tilbod til ungdomen, slik at dei kan fordrive tida med anna enn å svi gummi i Webjørn Svendsegata, akkompagnert av overdimensjonerte bilstereoanlegg. Men dette handlar ikkje om ungdomar flest. Ungdom flest oppfører seg fint. Dette er verstingane, og dei let seg ikkje stanse med fint prat og tilbod om aktivitetar i kontrollerte former.

Politiet forslår fartsdumpar i Webjørn Svendsen gata, og andre trafikale tiltak. Det burde vere sjølvsagt. I tillegg må politiet vise seg oftare, og gripe inn mot Texas-tilstandane.

Dei som planlegg Ørsta for framtida legg opp til fleire bustader og meir liv i sentrum. Det er fornuftig. Men for at det skal bli meir liv i sentrum, må det først gjerast leveleg.

Bertil og dei litt meir hardbarka kompisane hans har herja lenge nok no. Det er på tide å ta tilbake sentrum.