Det seier Odd Magne Vinjevoll i Ørsta Næringskontor om Næringskonferansen Søre Sunnmøre. 22. mars går den av stabelen i Ørsta kulturhus, og no er det klart at Hilde Louise Asbjørnsen (konferansier), Karin Fevåg Larsen, Olav Tufte og Tore Petterson kjem. Frå før er det klart at Eldar Sætre, Pål Ringholm, Kadafi Zaman, Oddgeir Garnes og Knut Steinnes er foredragshaldarar.

- Vårt samansette konferanse-program syner ei allsidigheit i foredragshaldarane utan sidestykke. Dei vil gi eit mangfaldig repertoar som dei fleste vil finne utbytterikt, seier Vinjevoll.

Les også: – Eit scoop for oss

Hilde Louise Asbjørnsen er jazz chanteuse, låtskrivar, skodespelar og kabareartist, og vert samanlikna med legender som Edith Piaf og Billie Holliday. Ho har lang erfaring frå teaterscena, blant anna i rolla som Konferansier i Cabaret på Oslo Nye i 2017. Som artist hat ho gitt ut 10 kritikarroste album.

- Hilde skal vere konferansier ved Næringskonferansen 2018, ho vil også ha musikalsk innslag, og vil halde ein minikonsert under kveldens mingle-arrangement, heiter det i ei pressemelding.

Karin Fevåg Larsen arbeider med person- og organisasjonsutvikling, har bakgrunn frå finans, bank og forsikring.

- Er ved fleire høve kåra som beste foredragshaldar og inspirator. Stikkord i foredraget er  omstilling og forandring, arbeidsmiljø, auka krav til å prestere og arbeidsglede/overskot –kjem det av seg sjølv?

Olaf Tufte er bonde og brannmann av yrke, og driv business med eige klemerke.

- Olaf var berre 20år då han deltok i sitt første OL, for denne prestasjonen fekk han fleire utmerkingar og vann prisen som «Årets Idrettsnamn». Han vart tildelt Fearnleys olympiske ærespris for sin OL-tittel i Beijing. Olaf Tufte har totalt delteke i seks OL og vunne fire olympiske medaljar, og  seks VM-medaljar. Han vart som første nordmann verdsmeister i singelsculler i 2001. Alt Tufte gjer er nøye planlagt, og blir omtala som 200% sikkert. Vi gler oss til hans foredrag.

Tore Petterson er kjend frå TV-duoen Adam og Tore «Sofa», domar i Tv-2 skal vi danse og deltakar i farmen. Han  er til daglig makeup artist, og han beskriv seg sjølv som eit følelsesmessig fyrverkeri.

- Tore var ikkje gamle karen då han kjempa sin einsame kamp: «Er eg homofil eller er det noko anna gale med meg?» Men likevel var han aldri redd for å vise sine sære sider og provosere. Det som ligg hans hjarte nærmast er å snakke om mobbing og det å vere annaleis. Ein modig mann som vågar å vise at sårbarheit også er ein styrke.

Les også: Fire nye namn klare for Ørsta