Det gjorde fleirtalet i kommunestyret vedtak om torsdag, mot fire stemmer, etter fellesframlegg frå fleirtalskonstellasjonen Sp, Ap og Frp. Dei fekk seinare i debatten med seg Venstre, SV og MDG til å stille seg bak framlegget.

I vedtaket om symjeanlegget seier dei: Symjehall ved fleirbrukshall vert flytta fram til 2019 med 20 millionar kroner i første løyving, og 50 millionar kroner i 2020. Målet er at forprosjektet skal starte tidleg i 2019.

Om ny sentrumsskule: Bygging av ny skule i sentrum vert utsett slik at første løyving til forprosjekt (650.000 kroner) vert i år 2021. Vidare 20 millionar kroner i 2022, og restløyving (130 millionar) i 2023.

Ein ny sentrumsskule skal avlaste dagens sentrumsskular, som har sprengt kapasitet.

Dette var framlegg til investeringsplanen for 2019–2028. Investeringsplanen skal legge grunnlag for budsjettet for 2019 og økonomiplanen for 2019–2022 som skal verte vedtatt i desember i år.

Men det skjedde ikkje utan litt misnøye blant opposisjonen. I formannskapet var det gjort vedtak om at investeringsplanen skulle ned 50 millionar kroner. Det hadde fleirtalskonstellasjonen sett på, og kom i kommunestyret med ei smørbrødliste av prioriteringar.

– Fleirtalskonstellasjonen har kanskje fleirtal, men for oss andre som ikkje får vite det før no, er det umogleg å få med seg summen av dette. Det må presenterast for heile kommunestyret, sa Paul Kristian Hovden (KrF).

Gunnar Knutsen (V) var positiv til å framskunde bassengplanane.

– Vi må satse på ting der vi har medinvestorar, som til dømes symjehall. For ein symjehall til 90 millionar kroner vil vi kunne få 21 millionar i spelemidlar og få tilbake moms på 23 millionar, om vi gjer ting rett. Berre her har vi spart nesten alle dei femti millionane vi skal kutte. Kanskje vil symjehallen koste oss totalt berre 20 millionar kroner. Sentrumsskulen veit vi at vi må ha, men ikkje kva, kor og korleis vi skal bygge. Dette kan vi skyve lenger fram i tid.

– Eg er samd, sa Ola Perry Saure (Sp).

– Bassenget må vi framskunde. Vi sparer mykje ved å ikkje trenge å renovere det gamle. Det er noko av det første vi må ta fatt på.

Andre prioriteringar

Vidare i vedtaket vart det gjort følgjande prioriteringar:

– Tettstadutvikling Vikeparken, vert redusert med 13,5 millionar kroner, slik at rest avsett er 3 millionar i 2020.

– Ørsta rådhus, renovering av bygning og teknisk, vert redusert med ti millionar kroner i 2019, slik at attståande rest i 2019 er fem millionar.

– Toalett friområde, og toalettløysingar m.m. til turistdestinasjonar lokalt, vert auka med ein million kroner i 2019 til to millionar, og i tillegg vert det sett av ein million i 2020. Renovasjonspunkt tilknytt desse skal også vurderast.

– Utviklingsplan – opparbeiding av turvegar, vert med, og sett opp med 500.000 kroner kvart år frå år 2019.

– Breibandutbygging i Ørsta kommune. Her vert det sett av to millionar kroner i 2019, to millionar kroner i 2020 og ein million kroner i 2021.

– Påbygg Sæbø barnehage. Det vert i 2019 sett av 600.000 kroner til råbygg for seinare innreiing. Det er sett av 75.000 kroner til forprosjekt i 2018.

– Kommunestyret ser det som viktig at samleveg Smådalane og Leitevegen vert prioritert fram, men vil kome attende til endeleg tidspunkt og beløp, under handsaminga av økonomiplanen til hausten.

Høgre ville også m.a. ha vurdert ei privatisert utbygging av Kvitveisen barnehage, men fekk ikkje kommunestyret med på dette. Høgre fekk kommunestyret med på å kutte 10 millionar til Dalevegen 24 (Helsestasjonen) som låg inne i 2024.

– Der ligg det inne investeringar i både 2018 og 2019, så 2024 går ut, og så får dei eventuelt kome tilbake og fortelje kva dei vil gjere.