Nye Volda kommune reknar med at staten gjev kommunen om lag fire millionar kroner for å ta over Bjørke og Viddal krinsar frå Ørsta kommune.

Det går fram av faktagrunnlag-skrivet som Nye Volda kommune har utarbeidd. Både Nye Volda kommune og Ørsta kommune er bedne om frå fylkesmannen si side om å kome med fakta om økonomi og tenestetilbodet knytt til Bjørke og Viddal krinsar.

Det er søkt om ei grensejustering for desse krinsane. I Januar skal innbyggjarane høyrast gjennom ei telefongransking, og i mars skal fylkesmannen kome med tilråding i saka.

Når det gjeld tenestetilbodet ser Nye Volda kommune det som naturleg at innbyggjarane i Viddal og Bjørke krinsar nyttar institusjonstilbod på Grodås og i Volda sentrum. Men minner om at innbyggjarane står fritt til å melde flytting til ein annan kommune om det er ynske om til dømes ein institusjonsplass i Ørsta.

For skule og barnehage gjeld dei eksisterande tilbode, og i Nye Volda kommune vil Bjørke og Viddal verte sett på som same opptaksområde som Austefjord, og då til Hornindal skule.

Nye Volda kommune reknar med at innbyggjartilskotet frå staten vil auke med om lag 2,1 millionar kroner dersom Viddal og Bjørke vert overført til Nye Volda. Vidare at skatteinntektene vil auke med to millionar kroner. Det vil også verte ein auke i eigedomsskatt, utan at denne er talfesta.

Nye Volda kommune reknar dessutan med at brannberedskapen vil vere som i dag, med eit lite depot på Bjørke, og at hovudinnsatsstyrken kjem frå Hornindal/Volda, slik det allereie er avtale om i dag.