Fredag oppdaga saueeigarane Lars Johan Sæbønes og Anne Hustad eit flekt lammeskinn like ovanfor Bondalselva camping på Hustad – like ved Bondalselva. Skinnet var flekt profesjonelt, og det er ingen tvil om at det er kunnige menneskehender som står bak.

- Skinnet vi fann tilhøyrer eit lam som Anne Hustad eigde. I tillegg saknar eg sjølv eit lam frå det same området. Det er ikkje spor etter lammet, og difor tvilar eg på at det er snakk om ein rev som har vore på ferde. Reven kan ta små lam, men han greier ikkje å ta med seg kadaveret utan spor av lammet, seier Lars Johan Sæbønes.

- Utifrå lukt og korleis lammeskinnet såg ut, tippar Sæbønes at slaktinge skjedde for fem-seks dagar sidan.

Saka vert meldt til politiet.