– Eg køyrde sjølv i grøfta, men tenk kor vanskeleg det er for tankbilane og dei store køyretya når ein ikkje ser kvar vegen går, sa Knut Hustad til Møre-Nytt måndag.
Både han og fleire har meldt ifrå om at kommunen har fjerna vegstikker frå dei kommunale vegane i store delar av Ørsta, trass kolossale snømengder dei siste dagane.
No vedgår oppsynsmannen at det vart gjort ei feilvurdering.
– Kunne venta
– Avgjerda om å fjerne vegstikkene var fyrst og fremst ei samla vurdering frå fleire her på huset, men vi ser i etterkant at ein kunne venta til 15. april, som er tidsfristen for vinterberedskapen, seier oppsynsmann Oddbjørn Rebbestad.
Mange trudde nok at Kong Vinter hadde avslutta sesongen då tørre vegar og vårvarme melde seg rett før påske. Kommunen var heilt klart med i klubben som trudde sommaren stod for tur, og såg sjansen til å drive effektiv førebuing til våren.
– Vi har både Ørsta og Volda som ansvarsområde, og skal rekke over begge kommunane på kortast muleg tid. Vurderinga vår gjekk ut på å ta dei lågaste områda fyrst, og deretter jobbe seg oppover i høgda ettersom snøen forsvann. Uheldigvis slo vêret heilt om, seier Rebbestad.
Snur ikkje
– Er det aktuelt å setje ut att vegstikkene no?
– Nei, det er ikkje muleg for oss å gjere det. Vi ventar at snøen forsvinn rett etter påske, så den løysinga er lite føremålstenleg.
– Kva kjem de til å gjere neste år?
– Då kjem vi nok til å vente heilt til tidsfristen går ut, seier oppsynsmannen.