Politiet fekk i 14-tida måndag melding om at nokon hadde skote mot ein buss som stod parkert på busshaldeplassen i Ørsta sentrum. Passasjerane i bussen høyrde smellet, men bussen heldt fram på ruta si. Ein konkret personbil vart observert i samband med hendinga.

Etter ein time vart bilen funnen i Ulstein av politipatruljen. To 18 år gamle personar frå Volda og frå Ulstein har innrømt å ha løyst ut ein kinaputt ved bussen. Det var altså ikkje snakk om eit våpen. Dei har avgitt ei mellombels forklaring til politiet, som reknar saka som oppklart.