Sommaren er omsider komen til Ørsta, men ein god sunnmøring veit at næraste regn-, hagl- eller til og med snøbyge aldri er langt unna.

Ein kan nesten spørje seg kva vestlendingane har gjort for å kome på kant med vêrgudane, for sjølv om ein kvart år håper at “i år skal det verte mykje finvêr”, vert ein som regel velsigna med 330 aktive dagar frå himmelen si side, der løna er bløyte i fast eller laus form.

Ein ting er uansett sikkert – reisebyråa grin slett ikkje på nasen når solhungrige nordmenn med D-vitaminmangel bankar på døra for å tinge seg ei eller fleire veker i paradis.

Klassiske turmål

– Vi har endå betre sal av turar i år enn i fjor, så her går det så det susar, seier Magni Solheim i reisebyrået Berg-Hansen i Volda.

Ho fortel at det er klassikarane Mallorca og Kreta som er dei mest populære reisemåla, tett følgt av “nykomlingen” Kroatia.

– Sistnemnde er eit nokså nytt turmål med direkterute frå Vigra, og har eit veldig godt rykte. Det er god standard på hotella, ligg ved det fantastiske Adriaterhavet og har god mat og låge prisar i forhold til Noreg.

Mange tykkjer kanskje det er unødvendig å spørje kvifor 80-talsklassikaren Mallorca ragar høgst i popularitet, men vi gjer det likevel.

– Det er ei øy som har det meste ein treng til sydenferien. Godt klima, fine strender, storby i Palma, og mange idylliske småplassar kringom. Nærast alle som aldri har vore i syden før likar seg på Mallorca, seier ho.

Uro inga hindring

Hellas har på si side opplevd mykje uro den siste tida, fyrst og fremst grunna økonomisk samanbrot.

– Har dette påverka tinginga av reiser til landet?

– Nei, eg trur ikkje folk tenkjer på dette. Uroa er mest ved fastlandsområdet kring hovudstaden Athen, men ute på øyane merkar ein fint lite av det. Det er dit dei fleste reiser, og ingen har meldt om bråk der, seier Solheim.

Ho snur heller om på det og seier det berre er positivt for Hellas at folk dreg dit, for pengesterke nordmenn hjelp til med klingande mynt i slunkne greske kassaapparat.