Norangdalselva, Kilselva og Fyrdselva er mellom dei lakseførande elvane som igjen vert opna for fiske. Det har Direktoratet for Naturforvaltning bestemt.

Reglane for lakse- og aurefisket i elvane i sesongen 2012 er no fastsett, og den største endringa er at elvar der det var totalforbod mot laksefiske i fjor, no er opna att.

Det gjeld mellom anna Norangdalselva. Der meinte DN i fjor at bestanden var så truga at laksefiske vart forbode.

Ein månad

I år vert elva opna i juli. Det vil vere lov å fiske etter laks i Norangdalselva frå 1. juli til og med 31. juli. Det vil også vere lov å fiske etter sjøaure i same perioden.

For dei to største lakseførande vassdraga, Bondalselva og Ørstavassdraget, er det lagt opp til ein noko lenger sesong for Bondalselva. Der vil det vere lov å fiske etter laks frå 15. juni til og med 15. august. Aurefisket er lov i same perioden.

Ørstavassdraget

I Ørstavassdraget er det fastsett ei fisketid eter laks i perioden 15. juni til og 31. juli. Aurefisket skal vere i same perioden.

Både for Bondalselva og Ørstavassdraget er det varsla at det vert ei midtsesongevaluering med førehandsavtalte tiltak.

Vikeelva på Bjørke er open frå 15. juni til og med 15. august for både lakse- og aurefiske. For dei andre elvane i Ørsta er det fiske frå 15. juni til og med 15. juli, med unnatak av Storelva på Vartdal og Barstadvikeelva, der fisket er frå 15. juni til og med 31. juli.

I elvane i Volda er opningstida for laksefiske i hovudsak perioden 15. juni til og med 15. juli. Unnataket er Øyraelva, som har sesong både for lake og aure fram til og med 15. august.